Også i år vil "Skodjebloggen" lire av seg nokre meir eller mindre grunngjevne tips før kvar runde. Her kjem runde 1.
Sider
4. DIVISJON 2014
Vi har i all vår visdom sett opp ein sluttabell for 4. divisjon 2014. Den endar slik:
VALDER TEK KAKA
På utallige oppfordringar om å avsløre vinnaren av årets 4. divisjon må vi berre røpe at det blir Valder.
ROLLON SLÅTT PÅ MÅLSTREKEN
100 års jubilanten Rollon trur vi vil gjere ein god sesong i år. I fjoråret var dei med Norborg heilt inn, men tapte på målstreken. Det same vil skje i år.
ØRSTA OPP PÅ 3. PLASS
Ørsta skuffa ein god del i fjorårets sesong med ein 7. plass på tabellen. Vi trur på klar framgong i år.
VOLDA BAK ØRSTA!
Volda kom noko overraskande dettande ned frå 3. divisjon i fjor. 27 poeng på 26 kampar vart eit par-tre forlite til ståplass.
EMBLEM I TETSTRID
Emblem var i fjor med i tetstriden i 4. divisjon heilt til 3-4 runder gjensto. Då ramla dei litt av lasset, mellom anna med tap mot Stordal, og enda på 4. plass på tabellen.
SKODJE KOPIERAR SEG SJØLV
Skodje overraska vel dei fleste fotballekspertane med sin 6.plass på tabellen i fjor. I år blir det reprise.
STRANDA I INGEMANNSLAND
Stranda kom i fjor haust ramlande ned frå 3. divisjon med brask og bram. 21 poeng på 26 kampar var altfor lite til å få vere med i det nasjonale selskap.
HAREID I BOTNSTRID
Hareid enda i fjord i eit vakum på tabellen med ein 5. plass, med god klaring til både topp- og botnstrid.
Abonner på:
Innlegg (Atom)