Sider

TABELLTIPS 2014

Tradisjonen tru vil Skodjebloggen også i år legge si sjel i å sette opp ein sluttabell før seriestart.

Årets 4. divisjon trur vi må vere den tøffaste på fleire tiår so det blir ingen enkel øvelse å få sette opp tabellen, men vi skrid til verket med den største optimisme.

I forrige sesong fekk Skodjebloggen ein god del peppar for at vi var for tøff i stilen overfor enkelte av våre konkurrentar i divisjonen.  For å imøtekome ein del sarte fotballsjeler skal vi i år love å moderere oss noko, men eit og anna sleivspark blir det nok likevel inn i mellom.  Ellerst synest vi fotballen blir litt kjedelig og grå om vi berre skal gå rundt å klø kvarandre på ryggen og sei og skrive stort sett det same.

Vel, vel, vi må ha ein nr. 12 og dermed direkte nedrykk, dersom vedkomande lag då ikkje foreslår utviding til 14 lag i 4. divisjon til haustenst kretsting, eller "å ta ein Åmdal", som det og heiter (der kom allereie første sleivsparket gitt).
Valget fall på storheita FK Sykkylven
Laget rykka opp frå 5. div. til årets sesong men overbeviste oss slett ikkje med sine 39 poeng på 18 kampar i fjor.
FKS har god rekruttering og får opp mange flotte talent, men enten forsvinn til til bya eller so stagnerer dei totalt på seniornivå.
"Paraplyklubben" av klubbane Sykkkylven IL, Velledalen og Ringen, Ikornnes IL og Hundeidvik IL har vel heller ikkje blitt den suksessen mange hadde drøymt om.  Kan huske at ein Per Ravn Omdal var fotballpresident når dette skjedde og han uttalta at "slår ein saman to middels 3. div.klubbar får vi som regel ein midelmådig 3. div. klubb". 
Og noko slikt har vel skjedd i Sykkylven kommune, med unntakt av at det er blitt ein middelse 4. til 5. div. klubb. (der kom vel sesongens andre sleivspark allereie).
FKS har og komt på kant med trenarein sin like før sesongstart slik at vedkomande vart avskjediga, eller søkte avskjed, når to veker står att til seriestart.  Dette betrar vel heller ikkje muligheitene for laget i inneverande sesong.

Dermed er domen til Skodjebloggen klar:  FK Sykkylven nr. 12 og strake vegen tilbake til 5. divisjon.

1 kommentar:

  1. He he. Enda morsommere å lese denne no. God underholdning.

    SvarSlett