Siden absolutt all vår fakta forsvant, har vi gjort det enklest mulig ved å stjele fra stordal.nu.
Stordal - Emblem 4 - 0 (1 - 0)
Emblem var sjanselause i "toppoppgjeret" mot Stordal. Bortelaget var heldige som unnslapp første omgang med "berre" 0-1. Geir Marius Øie den store helten hos heimelaget, med sine 3 mål. Jørgen Tøsse sette inn det fjerde. Og for den som er i tvil; Stordal var nærrmare både fem og seks enn gjestane var redusering!
Meir om denne kampen i eiga sak seinare
Ørskog - HaNo 4 - 0 (1 - 0)
Klar Ørskog-seier i oppgjeret mot HaNo. Eivind Klokkehaug, og Karl Petter Sjøholt sette inn eit mål kvar. Medan Frank Abelset scora dei to siste.
Harøy- Ravn 3 - 1 (x - x)
Stian Harnes scora to mål i andre kamp på rad for Harøy. Nicolai Brunvoll sette inn det siste for dei mørkeblå. Ravn sin målscorar seinare
Lepsøy - Skodje 4 - 4 (2 - 2)
Lepsøy leda både 2-0 og 4-2, men Skodje greidde å kvittere til uavgjort, både før pause og til slutt. For Lepsøy scora Frank Gjerde dei to første. Eirik Hjelvik og Eivind Erstad sørga for 2-2 ved pause. Dagfinn Hillersøy og Rune Rønstad ga heimelaget tomålsforsprang endå ein gong, før Hjelvik redda bortepoeng med 3-4 og 4-4.
Norborg 2 - Ellingsøy 2 - 3 (1 - 1)
Ein jamn kamp mellom Norborg 2 og Ellingsøy, der bortelaget sitt utlikningsmål til 2-2 var av den omstridte sorten (les meir på norborg.com). For heimelaget scora Stian Myklebust (1-0) og Kenneth Gamlen (2-1). For Ellingsøy var det først Tommy Skotte som var frampå, før Kjetil Kalvatn sikra borteseier med kampens siste to mål.-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar