Vi gratulerer Skodje sitt juniorlag med sølv under Futsal-KM i Stordalshallen! I finala vart Aafk for sterke og vann 4-2.
Men du verden for eit mesterskap gutane har gjenomført. Laurdag gikk dei leikande lett gjenom puljespelet med tre strake mot Rollon, FK Sykkylven og Godøy, målscoren vart 14-3.
I mellomspelet søndag formiddag møtte gutane Spjelkavik 1 og Hødd 1. Det vart 2-0 over Vika og 4-0 over Hødd.
I kvartfinala var ÅVK motstandar. Igjen utklassa Skøyegutane sine motstandarar med 4-0.
Dermed var karane klar for semifinale mot Emblem. Skøye etterlet ingen tvil, 3-0 og klar for finale som i 2012.
0 baklengs etter fire kampar søndag mot til dels skarpskodd motstand er rett og slett imponerande.
Aafk var motstandar i finala og vi hadde faktisk tru på at Skøyegutane skulle gi bygutane store problem.
Dessverre fikk Aafk ein tidlig 2-0 ledelse og dermed vart det noko stressande over spelet til Skodje resten av kampen. Det heile ebba ut med 4-2 til Aafk.
Sondre Beite vart toppskorar i turnerings saman med Aafk sin Vebjørn Hoff, begge med 12 skoringar. Eirik Høyvik kom på 6. plass med 10 mål. Flott av begge!
Dette er andre sølvplassen i Futsal-KM til Skodje junior på to år. Det ser ut for å gro godt i Skøyefotballen for tida.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar