Skøye starta sesongen 2014 med å banke nabo Stordal med 5-2 på Kirkebø stadion.
Under supre speleforhold, til februar å vere, møttest fjorårets divisjonskolegaer til dyst på Kirkebø.
Skodje viste seg igjen å vere storebror i denne duellen ved å vinne kampen 5-2.
Skodje var klart best frå start av og fikk tidlig grep om kampnen med 1-0 ved Eivind Erstad. Midt i første om gong auka ungguten Håkon Leine til 2-0 og det såg ut for å gå mot ein komfortabel Skodjeseier.
Men keeper Are ville det annleis. Han skapte spenning ved å forære Stordalingane ei redusering like før pause, med ei enkel klarering i lause lufta.
I andre omgong gikk Stordalingane i strupen på sine gjestar og utligna til 2-2 etter flott spel. Kampen bølga so fram og tilbake før Skøyegutane tok grep.
3-2 til Skøye kom ved Håkon Oppsal som stakk gjenom og skora enkelt.
4-2 kom ved ein annan Håkon, med etternamn Leine, som laga sitt andre for dagen, etter forarbeid av Håkon, no med etternamn Oppsal.
Og det var ikkje slutt med Håkonar med dette. Håkon Oppsal sette fast sluttresultatet til 5-2 med pannebrasken etter at flott raid av midtstoppar! Eivind Erstad frå høgre vingposisjon.
Tre debutantar for Skøye i kampen. Unggutane Tore Skodjereite og Adrian Nesset Ytrelid fekk høvesvis sine første 20 og 30 minutt for A-laget. Nykomar Ronny Pettersen debuterte og med å spele heile kampen. Ein kar Skodje kan få god bruk for om han kan legge litt om dialekta slik at vi skjønar kva han seier.
Mykje flott angrepsspel på Kirkebø stadion, av begge lag, det kan vi like.
Det defensive arbeidet kan forbetrast av begge laga, men det kjem kanskje etter kvart.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar