Sider

VOLDA HEIME I FØRSTE KAMP

SFK har sett opp forslag til 4. divisjon for 2014.  Det viser at Skodje får heimekamp mot sjølvaste Volda i 1. runde torsdag 24. april.

Også i andre runde har pussig nok Skodje fått heimekamp, no mot nyopprykka nabo FK Sykkylven.
Ellers er Skodje sett opp med heimekamp mot Langevåg 16. mai, men denne blir nok flytta til torsdag 15. i det både Hødd og Aafk har heimekamp 16. mai.
Heile serieoppsettet er ellers litt merkelig.  Vi merkar oss mellom anna at frå 9 til 13 runde har Skodje 4 bort- og ein heimekamp.
Vi gjer merksam på at det kan skje endringar på oppsettet etter at terminlistemøtet i januar er ferdig.
Heile oppsettet finn du  på fotballkretsen si nettside: www.fotball.no/sunnmore

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar