Berre to av seks rette i siste runde. Det er for svakt. Denne runda er der so mange bombesikre H-ar at det er berre å sprette pungen og satse.
Norborg - Valder
Toppoppgjer i Uggedalen med eit kjøpelag mot eit salgslag. Begge har 6 poeng etter tre kampar. Det brukar å bli tette oppgjer i desse kampane men i år satsar vi ei krone eller to på kjøpelaget. H.
Rollon - Blindheim
Rollon er, ikkje uventa, topplag i divisjonen etter tre rundar. Her møter dei ein byrival som har vore litt opp og ein god del ned i starten. Det skuldast sikkert interne språkproblem og vil nok rette seg etter kvart som språkkurset skrid fram. Vi satsar på ein klar H i dette oppgjeret i Larsgården.
Hareid - Stordal.
Ikkje kvar sesong at desse laga møtest til seriekamp. Det er vel i år 10 år sidan sist. Mandag denne veka tok Stordal sin trenar, Stig Johansen, sin hatt og forlet Stordalen. Korleis dette vil slå ut er vi usikker på, men Stordal har vel so mange fotballkapasitetar i sine eigne rekker at dei finn ei god løysing på trenarspørsmålet. I alle fall satsar vi på hareidsstølingane i denne kampen. H.
Emblem - Ørsta.
For få sesongar var det vel klasseforskjel på desse laga. No har det jamna seg ut men kanskje ein liten fordel for Emblem. Om spelarane har tolmod til å vere i klubben til dei lærer kvarandre litt betre å kjenne kan dette bli eit solid 4. div. lag. Vi trur at Ørsta si rutine på dette nivået gjamnar ut kampen so vi går for ein U i dette oppgjeret.
Godøy - Åram/VanKam
Denne rundas botnoppgjer i det begge lag slit med å avgjere jamne kampar til eigen fordel. Godøy på heimebane (forhåpentleg er grasbana klar no?) skal ein aldri kimse av og ÅVK likar seg absolutt best heime på Eidsåvoll. Vi trur at gøyingane slår til med åretes første trepoengar her. H.
Skodje - MSIL kl. 14.15
Eit nytt oppgjer, faretruande nær botnen. Skodje brukar å ha god kontroll på dei indre sulamittane på heimebane. Skadesituasjonen i laget er og forhåpentlig på bedringens veg. Vi trur det blir to stilartar som møtest her og har absolutt mest tru på heimelaget sin leikne og tekniske stil, berre det ikkje blir for leikent. Ein avgjerande kamp om kven som skal henge med på tabellen og vi satsar det meste vi har på ein H.
Dei to første kampane blir spela onsdag, dei øvrige torsdag kr.himmelfarsdag, ein stor fotballdag ellers med mellom anna Hødd - Kongsvinger på Høddvoll kl. 18. Den rekk vi etter lokaloppgjera!
Litt kjapp artikkel? Rollon-Blindheim og Norborg-Valder spilles allerede onsdag. Og de to siste lagene har ikke 7 men 6 poeng etter de 3 første kampene.
SvarSlettJa visst! Det gikk litt fort i svingane.
SlettRollon-Blindheim og Norborg Valder spelar onsdag, for å vere sikre på å få sjå Hødd - Kongsvinger torsdag kveld.
Og Norborg og Valder har naturligvis 6 poeng og er innan rekkevidde for Skøye.
To rette av to i kveld:
SvarSlettNorborg - Valder 4-2
Rollon - Blindheim 3-1
5 av 6 må vere bra. Og kven andre enn Skøye rota til fulltreffaren. Fy skamme seg!
SvarSlett