Tre rette av seks i forrige runde er litt for svakt. Men vi prøver på nytt med ny energi og vidd. Og denne runda er ei klar H-runde.
Torsdag 23.05.
Emblem - Valder
Nytt oppgjer mellom eit kjøpelag og eit salgslag. Vi held kjøpelaget som klar favoritt i dette oppgjeret sjølv om Valder har spelt jamnt med dei fleste hittil i sesongen. Emblem flyt vel no på ei bølge etter seier over nabo og tidligare storebror Blindheim i forrige runde. Vi går for ein klar H her.
Rollon - MSIL
Rollon sit stødig ved roret i toppen av 4. div. tabellen. Dei fikk god motstand av Valder i forrige runde men redda seg i land med ein 3-2 siger. MSIL på si side overraska i forrige runde med 2-2 heime mot Nordre Borgund med omland, dei var på nippet til å ta skalpen til Nordborg som utligna på overtid.
I denne kampen trur vi dei blir for lette, sjølv om det er eit tungt mannskap, og Rollon krusar inn ein klar H.
Norborg - Stordal
Norborg heldt som sakt på å gå på ei lita blemme i Mauseidvågen i forrige runde og dei stiller vel derfor skjerpa til denne kampen. Stordal på si side sleit seg til 1-1 heime mot Skodje på Kirkebøen og lurer vel fortsatt på om herr Tekeste snubla eller datt og skulle ha hatt straffespark som dei fikk, men so, korrekt nok, ikkje fikk. Norborg bli soleklar favoritt i dette oppgjeret, H.
Blindheim - Ørsta
Blindheimspelarane er vel som såra dyr etter å ha tapt på heimebane mot sin mikronabo i aust. Mulig dei er so hardt såra at det går ut over kampmoralen. Ørsta på si side listar seg stille og pent oppover på tabellen og har god kontakt med teten. Vi trur den Islandske sisuen gjamnar ut styrkeforholdet mellom laga og går derfor for ein U.
Skodje - Åram/VanKam
Botnoppgjer der ingen av laga har råd til eit tap. Det brukar å resultere i stillingskrig og krig er ikkje heimelaget si sterke side. Skodje ser til å ha noko uforløyst over seg hittil i sesonge, spesielt offensivt. Vi får håpe at dei siste dagars varme har løyst telen i skrotten slik at vi igjen kan få oppleve sprudlande angrepsfotball på Skodje stadion. ÅVK veit vi kan krige so om Skodje blir med på krigen kan det bli jamnt. Vi trur likevel på teleløysing og H.
Fredag 24.05.
Hareid - Godøy
Dei godaste hareidsdølingane har vondt for å innsjå at det vart eit soleklart nedrykk til 4. div. i fjor og klamrar seg derfor fortsatt til fredag som kampdag. Etter ein fomlete start med tap mot Blindheim er Hareid no i flytsona og lurer i ryggen på ledarlaget Rollon. Godøy på si side likar seg absolutt best heime på Gøyna. Dette må berre bli ein klar H, i motsatt fall skal eg ete hatten min offentlig.
Fire rette av fem er bra.
SvarSlettBlindheim overraska med 4-1 over Ørsta (tyder på at språkkursa virkar) slik at alle kampane torsdag enda med H.
Av alle ting! Godøy banka Hareid 4-3 i kveld.
SvarSlettDå er det vel berre leita fram hatten og kveikje opp grillen.
Gler oss til hatte etinga ;)
SvarSlett