Dette ser ut til å bli ei utrulig tett og jamn runde med kampar stort sett mellom tabellnaboar.
Dessuten er det vel rimeleg ujamnt mellom laga om spelarane har kome seg opp av solsenga og er nokonlunde i vater.
Nokre er vel fortsatt i feriemodus mens andre so vidt er i gong med litt øving.
Det vil vel ta to-tre rundar før det heile set seg igjen og NFF har fått smikka igjen ditte forb... overgongsvinduet.
Torsdag 15. august:
MSIL - Godøy
Sulas store lag sleit ein del i hauståpninga med 0-3 mot ÅVK, og dei var etter rapportane sjangselause og fåtallige. Ser ut for at antal spelarar samt totalvekt vil vakse ein del til denne kampen, mens Godøy vil bli svekka ved at den store strategen S.A. Alnes pådrog seg sitt tredje gule på overtid mot nabo Valder.
Vi trur at heimebane og ein rimeleg desperat tabellsituasjon vil føre til H i denne kampen.
Emblem - Nordborg
Norborg skal her ut i eit nytt toppoppgjer mot nr. 3 på tabellen, Emblem. Etter tap i forrige kamp heime mot Rollon har Norborg knapt råd til eit nytt tap her. Emblem på si side vil ha full kontakt med ledarlaga med seier i denne kampen.
Begge laga vil stille med eit styrka mannskap i forhold til forrige serierunde, til og med trenaren til Norbogg har røyst seg frå solsenga og vil delta her. Vi trur på ein klar og fortjent U i dette viktige toppoppgjeret.
Rollon - Ørsta
Etter tre strake tap mot middelhavsfararane Godøy, Hareid og Skodje slo Rollon tilbake med ein sterk seier borte mot Norborg i 1. haustrunde, og berga dermed spenninga i toppen. Ser ut for at Rollon har tappa sin nabo Aspøy for so mange spelarar i sommar at Aspøy slit med å få igong haustsesongen.
Ørsta spelar sin første kamp på hausten so vi veit lite om kva dette laget har putla med i sommar, bortsett frå at dei deltok med brask og bram i Sæbø-cupen. Ørsta har her siste muligheit til å få heng på tetlaga, og då er berre seier er godt nok.
Vi trur likevel at Rollon si styrking av laget med innkjøp av spelarar frå 6. div.vil gjere utslaget her. H.
Blindheim - Skodje
Blindheim overraska med 3-3 borte mot Hareid i hauståpninga. Skodje gikk på eit litt forsmedelig 3-5 tap heime mot Emblem. Skodje har endelig fått speleklar sine internasjonale stjerner, Alex frå Sverige og Marius frå Danmark (les Haram) etter ein lang og hard kamp mot byråkrati og diplomatiske forviklingar mellom dei nordiske nabolanda. I tillegg er Eivind frå Dalen klar etter å ha sona for diverse udådar i dei siste kampane.
Við teljum í U einnig hér.
Fredag 16.08.
Valder - Hareid
Vil berre nemne det igjen Valder og Hareid. Kampdag for 4. div. Sunnmøre er TORSDAG. Det er nesten alle enig om, med unntak av nokre fordums 3. div. lag.
Begge laga har hamna i "dødens" i 4. div. Lite å kjempe for både opp- og nedover. Har sansen for begge laga, med stort sett eigenproduksjon av spelarar.
Synest å huske nokre verkelege bataljar på Valdervoll mellom desse to laga, og får håpe og tru det same skjer i denne kampen. Ny U.
Søndag 18.08.
Stordal - Åram/VanKam
So kjem Stordalingane endelig ramlande ned frå Langsætrane, etter å stort sett har vore i konnjølkoma etter Stordalscupen i slutten av juni. Om ordføraren har fått skikk på karane so tidlig igjenstår å sjå. Men Stordal på ein søndag! Kva tenkte de på under terminlistemøtet, om de var der?
ÅVK starta hausten sterkt med 3-0 over MSIL og full kontroll, ny trenar og styrka lag.
Likevel, Stordal er Stordal, tæl og vilje tel mykje og vi trur faktisk på ein H, og håp om fortsatt 4. div. spel neste år etter denne kampen, og nabo-oppgjer mot Skøye!
No skal det sies at Valder prøvde å flytte kampen mot Hareid til Torsdagen pga Jugendfestivalen men fikk Blankt nei, NOT HOT og Håpløst!
SvarSlettDet burde Valder heller ha prøvd under terminlistemøtet i vinter. Det er då kamoppsettet blir spikra.
Slett2 rette av 6 denne runda. Svakt!
SvarSlettVentar på formutløysing etter sommarferia.