Sider

TIPPETIPS RUNDE 15

4 rette av 6 i ei noko heimeprega forrige runde.  Brukbart.  Denne runda går samla torsdag, takk og lov for det!  Trur det blir jamnt og spennande i mange kampar.

Torsdag 29. august.

Blindheim - Rollon
Rollon skuffa sist med tap 1-2 heime mot Emblem.  Dermed ramla dei ned på tredjeplass etter å ha leda 4. div. klart på vårparten.  Blindheim laga heller ikkje akkurat noko hole i marka med 0-5 i Uggedalen og der nesten alle norsktalande på laget fekk gult kort.
Rollon sin Wilhelm Aarøe må sone her etter å ha rota på seg utvisning mot Emblem.  Vi trur likevel at Rollon ristar av seg skuffelsen frå forrige runde og tek ein knepen seier. B.

Valder - Norborg
Rundas toppoppgjer.  Nordborg snudde ein noko nedadgående trend med 5-0 heime sist.  Valder har vore i susande haustform men stoppa litt opp med 2-2 på Skodje laurdag.
For Valder sin del blir dette ein litt "bære eller briste" kamp.  Med seier er dei for fullt med i kampen om opprykk, med tap er dei hekta av i forhold til Norborg.
Norborg har ein tendens til å bli litt høge etter ein klar seier, og heime på Valdervoll er Valder alltid vanskeleg  å hanskast med. H.

Mauseidvåg og Solevåg - Skodje
MSIL har hatt ein noko tung hauststart men har faktisk teke 1 poeng meir på hausten enn dagens motstandar Skodje.  Skal MSIL ha noko håp om å berge plassen må nok kampar som dette vinnast.
Skodje har i haust kjempa seg til to uavgjorte og tapte ellers fortjent 3-5 heime mot Emblem.  Ikkje akkurat nokon rakettstart på haustsesongen.
Skodje gjorde vel ellers årets svakaste prestasjon med å tape 0-3 heime for MSIL i vårsesoongen.
Vi trur at revansjelysta er so plass stor hos Skøyegutane at dei tek med tre poeng heim. B.

Åram/VanKam - Godøy
ÅVK har hatt ein fantastisk start på haustsesongen, tre strake seierar og 11-3 i målskilnad.  So langt klart haustens lag.  Godøy tapte sine to første haustkampar knepent men slo tilbake med 5-0 over Stordal sist.
Vi har mest tru på at ÅVK vinn denne berre på farta. H.

Stordal - Hareid
Vi hadde bra tru på at Skodje og Stordal fortsatt skulle få vere i same divisjon i 2014, men skal det skje må nok Skodje satse for fullt på nedrykk.  Stordalingane innvilga seg ei lang og god ferie på nærmare to mnd. og det ser dessverre ut for at dei har problem å kome ut av feriemodusen.
Hareid er litt opp og ned i år og har hamna midt på tabellen.  Det er vel den kjedeligaste plassen eit lag kan befinne seg.  Kunsten er å rykke, enten opp eller ned.  Det skapar spenning.
Vi trur faktisk at Stordal vaknar i denne kampen, uten at det vil hjelpe so mykje på tabellsituasjonen. U.

Ørsta - Emblem
Emblen sine fremmedlegionærar fossar fram på tabellen.  Laget snakkar no utelukkande engelsk og litt byensk og dermed er forståelsen mellom spelarar, trenarar og ledelse blitt langt betre.  Etter ein råsterk 2-1 seier over Rollon i Larsgården, der dei var klart best, er laget no oppe i ryggen på ledarlaget Norborg.
Tradisjonsrike Ørsta skal ein aldri kimse av,  dei kan slå til med flott fotball når som helst, men er noko ujamne.
Vi trur faktisk at legionærane fortset framgongen.  B.


2 kommentarer:

  1. Må være første gang dere tipper seier til Emblem.. Imponerende

    SvarSlett
  2. To bom av seks. Brukbart.
    Hadde tru på Stordal, men den rauk.
    Rollon skuffa, og er vel no hekta av i toppstriden.

    SvarSlett