Skodje har i vinter banka alle sine tre naborivalar, alle frå 5. divisjon, i det dei i dag torsdag høvla over Ravn med 9-2 på Vatne-eidet.
Ver og vind sette sitt preg på denne kampen men det var aldri nokon tvil om kven som var storebror i oppgjeret.
Ved pause sto det 5-2 til Skøye etter mål av Håkon Leine, Håkon Opsal (2). Eirik Høyvik og Eivind Erstad.
Begge Ravn sine mål kom på døball, det første etter total markeringssvikt på ein corner og det andre på ein feilinnstilt mur på direkte frispark.
I andre omgong spelte Skøye mot veret og dette utnytta spesielt kjappfot Håkon Opsal ved å boltre seg i bakrom og putte på heile fire skoringar, uten at Ravn var i nærheita av å redusere.
Eit oppløftande resultat for Skodje før avreisa til varmare strøk i Tyrkia komande helg. Då håpar vi på at alle dei låke kviknar til i varmen slik at vi kan stille meir fulltalig fram mot seriestart.
Dommar i kampen var Odd Arne Grande. Han klart seg godt sjølv om enkelte tidligare sambygdingar prøvde å gjere det litt surt for veteranen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar