Sider

ROLLON FIKK LITT BANK

Skodje gjenomførte tirsdag ein flott treningskamp mot Rollon og vann 2-0.  Begge laga befinn seg for tida i Tyrkia på treningsleir.

Hittil i treningskampane har Skodje slite ein del med den defensive strukturen i laget og det er blitt ein del baklengsmål, sjølv mot moderat motstand.
Rollon blir vel rekna som ein av utgongsfavorittane i 4. div. og trenar Magnus hadde derfor defensiv tryggheit som hovedmål for denne kampen.
Planen fungerte godt i det Skodje klarte å halde målet reint, noko som slett ikkje har vore Skøyegutane sitt varemerke dei siste åra, der måla brukar å renne inn både framover og bakover.
Etter 20 minutt av kampen spelar Emil Høyviken fri i feltet.  Han dreg av 3-4 motspelarar før ballen sit i nota via stolpen.  Ein flott prestasjon!
I det 60. minutt doblar Skodje ledelsen.  Alex the Sveed legg inn til Håkon O. som skorar kontant.  Målet kom ellers etter ei kontring som det lukta svidd av. 
Rollon produserte vel berre ein god målsjangse gjenom heile kampen og Skodje var langt nærmare å auke til både 3 og 4 mål enn Rollon var redusering.
Totalt sett var dette den klart best gjenomførde treningskampen av Skodje til no i vinter. 
Om vi skal sette fingeren på noko må det vere at spelarane kan bli flinkare til å roe ned og halde ballen i laget når motstandarlaget ligg i balanse.
Men det rettar seg nok fram mot seriestart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar