Sider

SØLV TIL JUNIORANE

Vi gratulerer Skodje sitt juniorlag med sølv under Futsal-KM i Stordalshallen!  I finala vart Aafk for sterke og vann 4-2.

Men du verden for eit mesterskap gutane har gjenomført.  Laurdag gikk dei leikande lett gjenom puljespelet med tre strake mot Rollon, FK Sykkylven og Godøy, målscoren vart 14-3.
I mellomspelet søndag formiddag møtte gutane Spjelkavik 1 og Hødd 1.  Det vart 2-0 over Vika og 4-0 over Hødd.
I kvartfinala var ÅVK motstandar.  Igjen utklassa Skøyegutane sine motstandarar med 4-0.
Dermed var karane klar for semifinale mot Emblem.  Skøye etterlet ingen tvil, 3-0 og klar for finale som i 2012.
0 baklengs etter fire kampar søndag mot til dels skarpskodd motstand er rett og slett imponerande.

Aafk var motstandar i finala og vi hadde faktisk tru på at Skøyegutane skulle gi bygutane store problem.
Dessverre fikk Aafk ein tidlig 2-0 ledelse og dermed vart det noko stressande over spelet til Skodje resten av kampen.  Det heile ebba ut med 4-2 til Aafk.
Sondre Beite vart toppskorar i turnerings saman med Aafk sin Vebjørn Hoff, begge med 12 skoringar.  Eirik Høyvik kom på 6. plass med 10 mål.  Flott av begge!
Dette er andre sølvplassen i Futsal-KM til Skodje junior på to år.  Det ser ut for å gro godt i Skøyefotballen for tida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar