Vi hadde forlengst avskrive Hareid i tetkampen, men etter tre strake seierar mot dei tre botnlaga, er Hareid no oppe på på tredjeplass på tabellen.
Med 3-1 heime fredag kveld over haustens kometlag Åram/VanKam passerte Hareid både Rollon og Valder og ligg berre 5 poeng etter tabell-ledar Norborg.
Vi trur likevel ikkje at Hareid blir vinnar av den jamne og spennande opprykkstriden som no pågår i 4. divisjon.
Rollon og Valder møttest og fredag kveld i Larsgården. Kampen enda 2-2 og det hadde ingen av laga råd til.
Vi gler oss allereie til runde 17 som går samla torsdag 12. september, slik det skal vere.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar