Etter at 15 runder er spela har tabellen no delt seg litt slik at 5 lag kjempar om ein opprykksplass til 3. divisjon. Det skil berre 5 poeng mellom dessa laga. Dei øvrige 7 laga er alle, meir eller mindre, involvert i nedrykksdramaet.
Torsdag 05. september:
Skodje - Stordal
Tradisjonsrikt nabo-oppgjer i midtre og indre fjordstrøk. Vårkampen 16. mai på Kirkebø stadion enda 1-1. Sidan den tid har Skodje klatra til over midten av tabellen mens Stordal ligg trygt planta i botnen med fattige 7 poeng.
Det blir nok neppe like folksomt på Skodje stadion i denne kampen som det var under opprykkskampen mellom desse laga i 1989?, då ca. 800 kransa bana (sjå toppbildet på Skodjebloggen). Om 10% av dette talet møter skal vi vere godt nøgde.
Det er vel i kampar som dette at underdogen slår til nedanfrå? Likevel held vi Skodje som klar favoritt, H.
Norborg - Mauseidvåg og Solevåg
Etter å ha leda divisjonen klart har Norborg rota seg litt vekk i det siste ved å tape mot sine opprykkskolegaer, mens botnlaga stort sett blir banka klart. Men Norborg toppar fortsatt, no med berre eit måls ledelse på toar Emblem.
MSIL fekk skikkeleg bank heime av Skodje i forrige runde og styrer stødig mot 5. divisjon.
Klinkande klar H i dette oppgjeret.
Emblem - Blindheim
I tidligare tider var dette som eit klassisk nabo-oppgjer å regne. No er det meir å rekne som eit oppgjer mellom diverse europeiske nasjonar.
Likevel, det er ikkje lenger veg mellom stadionane til desse laga enn at det i god medvind går an å pisse på naboen. Det trur vi faktisk Emblem vil gjere her. Stor fart og temperatur i starten av kampen, deretter vil Emblem vise styrke og vinne klart. H.
Godøy - Ørsta
Begge laga tapte klart i forrige runde og no har også Ørsta rota seg ned i botnstriden etter berre 1 poeng på tre haustkampar.
Godøy har heller ikkje hatt ein god hauststart og har berre 5-0 heime over "prygelknabe" Stordal å skilte med. Heime på "Gøyna" brukar laget å bite godt frå seg og dei bør vinne kampar som dette for å overleve i divisjonen. Vi trur på ein ny H i dette oppgjeret, og dermed berre heimesiger i dei fire torsdagskampane.
So var det desse 3. divisjonsaspirantane våre då, som øver seg ved å spele fredag, 06. september (det gjeld vel først og fremst Valder og Hareid som siktar mot fordums storheit).
Rollon - Valder
Som eit nabo-oppgjer å rekne med by mot holme. Mange harde tak mellom desse to laga opp gjenom tidene.
Rollon har vist noko sviktande form i det siste og har skuffa sin trufaste tilhengarskare i Larsgården. Spesielt 3-5 tapet mot Blinheim og 1-2 heime mot Emblem var vel tungt å svelge. Dermed har den klare serieledaren frå vårsesongen ramla ned på 4. plass på tabellen.
På plassen framom ligg no Valder etter ein flott hauststart. Vi satsar på ein U i dette toppoppgjeret.
Hareid - Åram/VanKam
Nabo-oppgjer på søre luten. Desse to laga har møttest utallige gongar og kjenner kvarandre dermed ut og inn.
Etter berre 4 poeng på vårparten har ÅVK vunne alle sine fire haustkampar og er dermed oppe i 16 poeng og god kontakt med mellomsjiktet på tabellen. Imponerande, rett og slett!
Hareid har vunne sine to siste mot botnlaga MSIL og Stordal og har so vidt kontakt med tetgruppa.
Vi trur på eit tett og spennande oppgjer på Hareid stadion der ÅVK tek revansj for eit stygt 2-6 tap i vårsesongen, B.
Fire rette av seks i forrige runde. Klarer vi det same no er vi godt nøgde.
Hvor er rundens Hot/Not-spalte?
SvarSlettBra folk passer på. Ute nå.
SvarSlettResultat torsdag:
SvarSlettSkodje - Stordal 7-2
Norborg - MSIL 2-0
Emblem - Blindheim 3-3
Godøy - Ørsta 2-3
Som vanleg målrikt i 4. div.
2 rette av fire er vi vel berre so måteleg nøgde med.
Resultat fredag:
SvarSlettHareid - ÅVK 3-1
Rollon - Valder 2-2
Dermed stoppa det litt opp for haustens kometlag ÅVK.
Tre rette av 6 er ikkje meir enn det bør vere.