Fire rette av 6 i forrige runde må vel seiast å vere brukbart. Var nære på ein tippa U i Uggedalen og einaste overraskinga var vel at Blindheim kneip eit poeng heime mot Valder.
Vi prøver på nytt i ei runde som er verre enn Tuppeligaen, spreidd frå torsdag til søndag.
Torsdag 26. september.
Mauseidvåg og Solevåg - Blindheim
Kun anstrengt teori kan vel nyttast om MSIL skal redde plassen i 4. divisjon. Det er 7 poeng opp til Godøy når 4 rundar igjenstår. Men dei har ikkje blitt direkte utspelt sidan 0-5 tapet mot Skodje i slutten av august.
Blindheim har bite sterkt frå seg i det siste. På dei fire foregåande rundane er dei uten tap og har sanka 8 poeng og med 23 poeng har dei fått ei lita luke ned til ÅVK og Godøy som ligg på dei utsette 9. og 10. plassane.
Sidan dette er som ei reint nabo-oppgjer å rekne går vi for ein U.
Stordal - Emblem
Det absolutt meste har vel gått skeis for Stordalingane denne sesongen. Trenar Johansen trakk seg i starten av mai, det skal vel Stordalingane ikkje ha all skuld for, men medskuldig må dei vel seiast å vere. At dei bevilga seg nesten 2 mnd. fotballferie midt i beste fotballsesongen er vel heller ikkje det luraste ein kan foreta seg som nyopprykka lag.
Neste sesong må laget finne seg i ny 5. div. status, men bevares, det er slett ikkje å kimse av for ei lita bygd som Stordal.
Det andre nyopprykka laget til årets 4. divisjon er dagens motstandar Emblem. Dei har sanka mykje i år, både spelarar og poeng, og ligg etter 18 rundar på ein flott 2. plass på tabellen og er vel no einaste reelle utfordrar til Norborg om kretsmesterskap og opprykk.
Det må berre bli B her, noko anna vil bli sesongens bombe.
Fredag 27. september
Ørsta - Valder
Eit oppgjer det osar gamal tradisjon av.
Ørsta har stort sett leie i ingenmannsland på tabellen heile sesongen. Med sine 24 poeng skal det vel eit fullstendig kollaps til for at dei skal ende på nedrykksplass.
Valder kom som ei kule ut av startblokka i haust, men har dabba litt av i det siste med mange U-kampar, og det blir det for lite poeng av til å henge med i tetkampen.
Det er no 7 poeng opp til ledarlaget Norborg og det trur vi blir for mykje til å kunne drøyme om 3. divisjon i 2014 på Valderholmen.
Vi satsar på ein ny U i dette oppgjeret.
Laurdag 28. september
Godøy - Norborg
Godøy ligg utsett til for nedrykk med sin 10. plass på tabellen. På dei fire siste kampane er det blitt berre 1 poeng og 1-6 tapet for Skodje i forrige runde svir nok sterkt for Gøyingane. Om det ikkje skal ende med nedrykk må bergingsaksjon iverksettast på Godøya frå denne runda.
Norborg hanglar vidare på toppen av tabellen. På dei tre siste rundane har dei møtt botnlag og vunne, men ikkje overbevisande på nokon måte. Men dei har ei flott evne til å avgjere slike kampar til eigen fordel.
Likevel trur vi Godøy no set inn spurten og med sin store strateg S.A.T. Alnes tilbake etter karantene trur vi Godøy reddar spenninga i toppen. H.
Hareid - Skodje
Desse laga er tabellnaboar med 5. og 6. plass på tabellen. Begge laga ligg slik til at dei no kan lene seg tilbake, klappe seg på magen, la trening i sure haustkveldar vere trening og kose seg med litt five a side inn i mellom kampane.
Våroppgjeret mellom laga enda med ein soleklar 2-1 seier til Skodje. Om hissigproppen Høyvik, for tida i kalasform, hadde fått delteke i denne kampen hadde vi hatt god tru på ei reprise frå i vår. Han må nok dessverre drive berre med øving framover ei stund.
Tobias Sorthaug må vel og sone i denne kampen etter å ha klart å rote på seg tre gule i løpet av ein mnd. Vi trur Skodje likevel stiller so pass sterkt at ein U er innan rekkevidde.
Søndag 29. september.
Åram/VanKam - Rollon.
ÅVK er fortsatt i susande haustform sjølv om dei gikk på eit 1-2 tap i Uggedalen i forrige runde. Men laget treng langt fleire poeng for å unngå nedrykk og vil nok mobilisere deretter mot bygutane.
Rollon er og i bra form for tida, men med 7 poeng opp til ledarlaget er nok det løpet kjøyrd for Stig Monsen sine disiplar.
I og med at Godøy bankar Norborg dagen før er ÅVK piska til å vinne, og gjer det. H.
Resultat torsdag:
SvarSlettStordal - Emblem 2-1!
MSIL - Blindheim 3-2.
Dermed 0 rette so langt.
Resultat fredag:
SvarSlettØrsta - Valder 2-0.
Ny bom på tippetipset.
Ørsta er vel dermed sikker på 4. div. spel i 2014 og Valder er enno lenge unna 3. divisjon, men ikkje om Norborg taper på Godøye laurdag.
Resultat laurdag:
SvarSlettHareid - Skodje 2-2. Bingo!
Godøy - Norborg 2-0 Ny bingo, og Godøy har redda litt av spenninga i toppen.
Resultat søndag:
SvarSlettÅVK - Rollon 1-2
Det enda då med to rette av 6 mulige. Svakt!