Komande helg startar Futsal-KM opp med mesterskap i klasse G19 junior. I alt 28 lag skal kjempe om KM. Skodje deltek med eit lag i Stordalshallen.
Laget er kom i ei tøff, men ikkje uoverkomelig, avdeling saman med dei to 1. divisjonslaga Rollon og FK Sykkylven i tillegg til Godøy som vel ikkje hadde med juniorlag i seriespelet utandørs.
Gutane må tørne tidlig ut laurdag morgen i det dei skal starte heile KM-et med første kamp mot Rollon allereie kl. 09.oo. Trøysta må vere at bygutane må enno tidligare opp sidan dei har ein halvtime lengere reisetid.
Vidare skal dei møte Godøy kl. 10.40 og tilslutt i innleiande spel FK Sykkylven kl. 12.oo.
Dei to beste laga i kvar avdeling går vidare til eit mellomspel som startar søndag kl. 10.oo.
Vi ynskjer juniorane lykke til med mesterskapet!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar