Sider

TIPPETIPS - NEST SISTE RUNDE

Ein fotballsesong går fort og vi er allereie i nest siste runde.  Dei to siste rundane skal spelast samtidig og denne runda går laurdag 12.10. kl. 13.oo.  Takk og pris!

Godøy - Emblem
Graskamp på ei tung Godøybane og ein kamp som har mykje spenning i seg.
Det er fortsatt litt i det blå om kor mange lag som ryk frå 4. divisjon.  10. plassen er svært utsett og det gjeld å kome seg over denne.  Godøy er i dag nr. 9 berre eit poeng føre ÅVK og treng poeng.
Emblem har fortsatt ei teoretisk muligheit for opprykk og er vel eit av få lag i divisjonen som virkelig ynskjer dette?
Vi trur at Godøy kjem til å kjempe so søla skvett i dette oppgjeret og slik fotball ligg ikkje i Emblem si gate. H.

Stordal - Valder
Stordal er forlengst klar for 5. divisjon og gler seg sikkert til ei ny laaang ferie.
Valder har, som Emblem, ei teoretisk muligheit for å bli nr. 1 i divisjonen, men vi trur ikkje lysta på 3. div. er heilt på topp på Valderholmen.
Dette blir derfor ein kamp med to lag som held skuldrane og tempoet lavt.  Vi trur på mange mål som blir fordelt likt på begge lag. U.

Åram/VanKam - Blindheim
Det så lenge ut for at ÅVK skulle bli haustens lag i 4. div. men på dei tre siste kampane har det blitt berre 1 poeng, men det var til gjengjeld sterke 3-3 borte mot Emblem sist.  Dermed ligg laget fortsatt på den utsette 10. plassen og MÅ ha poeng.
Ulikt Blindheim har dei alt sikra seg plass i 4. divisjon til neste år.  Dermed kan dei bruke resten av hausten på å reise vest i havet for å sjå etter nye forsterkningar til neste år.
Motivasjon vil avgjere her.  Klar H.

Hareid - Rollon
Tja, kva skal vi sei om dette klassiske oppgjeret i lokalfotballen? 
Vi kan vel sei at Rollon neppe likar tanken på seier om Norborg skulle ryke på Skøye.  Vi kan og sei at det ser ut for at dette blir trenar Stig Monsen sin siste fergetur med Rollonjengen for ei tid framover.
Det einaste vi kan sei om Hareid er at dei vinn.  H.

Ørsta - MSIL
Eit nytt oppgjer uten det heilt store innhaldet.  Ørsta var på Skodje sist og spelte og spelte, men fekk ikkje utløysing.  Mulig dei har spelt og spelt vidare dene veka og at utløysinga kan kome laurdag med ei skoring eller to.
MSIL har innsett at det blir 5. divisjon i 2014 og at naboen i vest, LIL, igjen har teke førarsetet på Sula.  Det ryktast at Fiskarstrand har teke til å rigle på seg igjen og dermed kan det bli virkelig kamp om spelarkreftene på Sulalandet i 2014.
Vi har tru på utløysing for Ørsta i denne kampen. H.

Skodje - Norborg
So kjem endelig rosina i grauten eller mandelen i pølsa, eller korleis no dette var.
Denne veka har det rasa ein ikkje oppsykks-strid i lokalfotballen på Sunnmøre.  Mottoet har vore "korleis unngå opprykk til 3. div. utan at nokon merkar det".
Norborg.com rasar mot han kretsen for at kretsen har avslørt for Sumpen at dei lurer på kva som skjer om dei seier frå seg opprykk, og Norborg var tidlig ute, må vita.  Allereie i juni, før laget tok ledelsen i 4. div., kom det fatale spørsmål.
Men Norborg presiserer at dei ynskjer sterkt å rykke opp men ville berre vite kva som kom til å skje dersom dei likevel ikkje ynskte so sterkt å rykke opp.  Forviklingar?  Sjå neste episode av ....
Skøye på si side putlar med sitt.  Nokre kjem, som kaptein Vegard frå harry-tur, og andre fer, som broder Eirik som vart innkalla til Slovenia-kampen i all hast etter sin flotte opptreden mot Ørsta.
Men vinn gjer dei, stort sett uansett.  H.





1 kommentar:

  1. Fasit:
    Godøy - Emblem 2-2
    Stordal - Valder 1-8
    ÅVK - Blindheim 2-1
    Hareid - Rollon 1-4
    Ørsta - MSIL 7-1
    Skodje - Norborg 0-5. Offa!
    2 rette av 6. Svart fotballhelg til no.

    SvarSlett