Sider

TID FOR BUDSJETTMØTE?

I disse avslutningstider for 4. divisjon, to runder igjen, går spekulasjonane høgt på Sunnmøre, om der i det heile teke er noko 4. div. lag som ynskjer opprykk til 3. divisjon.

Enkelte resultat i dei siste rundane tyder på at det ikkje vil vere so populært å bli kretsmester i denne divisjonen i år.
Og vi har ei viss forståing for dette når vi ser kor enkelte lag i 3. divisjon i dag slit for å få med nok spelarar til sine bortekampar i helg og på mandagar.  Og i neste sesong kan situasjonen bli endå verre enn årets og dei føregåande sesongar, når det gjeld reiseavstand og tidsbruk.
 
Sunnmørslaga kan risikere å bli sendt både sørover mot Sogn og Fjordane og nordover til Trøndelag  for at NFF skal få kabalen til å gå opp med antal lag i kvar 3. div.avdeling.
I tillegg kan vi risikere at der blir heile fem 2. lag frå Møre og Romsdal i 3. div. i 2014;  Aafk 2. Hødd 2, Træff 2, Molde 2 og KBK 2.

Og då kan ein vel starte litt spekulasjon i om det er tid for å sjå på budsjettet for 2014.
Kva med litt kampfiksing i alle beskjedenheit? 
Som eksempel kan nemnast Skodje sin kamp mot Norborg komande laurdag.  Norborg er vel oddsfavoritt, trur vi, sjølv om odds-settarane då tek grundig feil.
Ein lite diskre avtale med Norborg om foreksempel 4-4 vil gi flotte odds, og eit resultat begge lag kan leve godt med, spesielt Norborg. 
Slikt kan gi gode pengar i klubbkassa og dette med FP har vel NFF gjenom mellom anna Drillo-sparking og SFK gjennom justismord i ei utvisnings-sak, vist eksisterer stort sett berre på papir og i festtalar.

Vi burde vel aldri ha sett folk på denne ideen, men klart ikkje heilt å stå imot freistinga.

2 kommentarer:

  1. Men no har Norborg hamna ned i søla grunna kretsen si åpenheit og ærligheit, so då blir det vel eit skjerpa lag frå Nordre Borgund, med omliggande herligheiteter, som dukkar opp på Skøye komande laurdag. Les: http://www.norborg.com/
    Mulig vi skal vente med fiksinga til siste runde mot Rollon. Dei er åpne og ærlige, trur vi...

    SvarSlett
  2. Rollonguttene har alltid vært rak i ryggen og klar i blikket, dette siden Juhl-Hamres dager. Det skal du vite, Geir R

    SvarSlett