Sider

FUTSAL-KM, JUNIOR

I morgon, laurdag 2. november, brakar det laust med Futsal-KM for G19 i Stordalshallen. 

Skodje har no lagt ut spelarlista over kven som skal delta og dette ser ut for å vere eit kanonlag! 
Dei medvirkande frå Skøye er: Ole Willumsen - Petter Leon Valde - Sigmund Mestad - Kenneth Lie - Marius Fylling - Benjamin Bye - Eirik Høyvik og Sondre Beite.
Håkon Oppsal hadde og håpa å få vere med, men han må nok vente til fram mot Futsal-KM for senior før han er klar etter sjukdomen.
I våre auge eit klart favorittlag til å ta med seg heile KM-bøtta tilbake til Skøyebygda. 
Men det fordrar at ingen blir låke i 12. time og at alle kjem seg opp og inn i hallen til første kamp startar, allereie kl. 9, mot Rollon.
Øvrig kampoppsett finn du på MyLivescore.com

7 kommentarer:

  1. 6-1 til Skøye over Rollon i første kamp laurdag morgen. Flott!

    SvarSlett
  2. Skodje tok seg enkelt til sluttspelet etter tre strake, 9 poeng og 14-3 i målforskjell.
    Gler oss til søndag!

    SvarSlett
  3. Skodje skal møte Spjelkavik 1 og Ørsta svart i mellomspelet søndag.
    Første kamp blir mot Spjelkavik 1 kl. 10 og neste kamp mpt Ørsta svart kl. 12. To av dei tre laga går vidare til kvartfinala.

    SvarSlett
  4. Det blir Hødd 1 som motstandar kl. 12, ikkje Ørsta.
    Då har du sjangsen, Sondre, å slå eit par tunellar på framtidige lagkameratar.
    Uansett, skal Skøye bli mester, må vi slå alle.
    Heia Skøye!

    SvarSlett
  5. Hurraaa!
    Skodje er puljevinnar i mellomspelet etter 2-0 over Vika 1 og 4-0 over Hødd 1 i dag. Laget skal spele semifinale kl. 16.10.
    Den rekk eg etter å ha sett at Hødd er blitt eit Tuppeligalag.
    Heia Skøye og Hødd!

    SvarSlett
  6. Skodje er i finala!
    Nocka ut ÅVK med 4-0 i semifinala og ekspederte so Emblem med 3-0 i kvarten.
    Sondre er so lang toppskorar i KM med 12 mål.
    Skøye skal møte Aafk eller Vika 1 i finala ca. kl. 19.
    Du verden!

    SvarSlett
  7. Det vart Aafk i finala. Laget sleit seg til 2-1 over Vika e.e.o.g.
    Bygutane, med Hoff og Rekdal i spissen, gler seg neppe til å møte gladiatorane frå Skøye!

    SvarSlett