Sider

ÅRETS FØRSTE TAP

I dag kom årets første tap i treningskampar då Skodje møtte FK Sykkylven på bortebane.


Det var so vitt Skodje klart å stille 11 mann til denne kampen, men det gikk, med eit nødskrik. 
I startellvaren var der med tre guttespelarar og på benken sat trenaren og lagledaren, som dei bør gjere, samt keeper Ole W.
Skodje tok faktisk ledelsen 1-0 ved guttespelar Sebastian Vågø, hans andre mål på A-lagsnivå etter at han og skora i ein treningskamp mot Norborg i fjor.
FKS utligna fortjent før pause og i andre omgong vart Skodje rimelig overkjøyrde, til tross for at keeper Are frå 1. omgong gjorde ein flott kamp som ving i 2.
Det enda til slutt med 1-4 tap for Skøyegutane og det blir rapportert at til og med lagledar "Cris" Bårdsgjerde klarte å få på seg drakta og årsdebuterte.
Verdien av ein slik kamp med so mange forfall kan vel diskuterast, men det er vel i alle falle betre enn å site i godstolelen og sjå på OL.
Trøysta til Skøyespelarane kan vere at dei tross alt spelte mot tidligare storheiter som VRF, Hundeidvik, Ikornnes og Sykkylven, uten å dumme seg aldeles ut.
Og 1. mai er det revansjoppgjer på Skodje stadion, då forhåpentlig med lagledar Chris på benken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar