Sider

ØRSKOG KJEM!

Eit av sesongens høgdepunkt skjer allereie torsdag 13. februar kl. 18.30.  Då kjem sjølvaste Ørskog på besøk for treningskamp.

Desse nabo-oppgjera er legendariske i vårt område og både Skøyebygdarar og Ørskogbygdarar ser fram til oppgjera med spenning og glede.
Sjølv om det berre er ein treningskamp i februar brukar begge laga å legge stor prestisje i eit slikt oppgjer.
I alle fall vi som var til stades på Ørskogbana i fjor huskar fjorårets oppgjer.  Ørskog spelte då i 6. div. mens Skodje var i 4. div. lag.
Ørskog leda sensasjonelt 3-0 til eit langt stykke ut i andre omgong.  Skøyebygdarane starta so ei heroisk opphenting som enda med utligning til 3-3 like før slutt.
Slik dramatikk kan vi like.
I år er Skodje fortsatt i 4. div. mens Ørskog har rykka opp til 5. div.

Desse bolde Skøyekarane er tekne ut til torsdagens slag:
Are Kvalsvik (K), Ole Willumsen (K), Marius Rogne, Sigmund Mestad, Alex the Sweed, Eirik Fylling, Ronny Pettersen (nykomar), Lennart Tetlie, Vegard N. Hjelvik, Tobias Sortehaug, Emil Slettedal, Eivind Erstad, Håkon Oppsal samt guttespelarane Håkon Leine, Sebastian Vågø og Adrian N. Ytrelid.

Vi gler oss til ein fartsfyllt kamp under glimrande speleforhold.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar