Sider

LAGPRESENTASJON: ØRSKOG

Vår gode nabo står for tur, og vi presenterer...

ØRSKOG IL

PLASSERING I FJOR?
Nr. 7 i 4. divisjon

SPILLERE I AVGANG?
OB. Langdal (Skodje), Ole Lukkedal og Stig Søvik (lagt opp) + et par spelarar som forsvant allerede i sommer (som ikkje har spelt for oss sidan før sommeren).

NYE SPILLERE?
Ole Særsten (Emblem) og Raoul Lid (Stordal). Begge tidlegare Ørskog-spelarar som returnerar heim. To nye guttespelarar frå egen stall trenar med A-laget. Vi har også spelarar som kan få nokre kampar for oss, som av ulike årsaker ikkje er med heile sesongen. I fjor benytta vi 30 spelarar gjennom sesongen.

HVA FORVENTER DERE AV DISSE?
At dei skal vere gode nok for A-laget.

HVOR OFTE HAR DERE TRENT I VINTER?
3 ganger pr. uke.

HAR TRENINGSOPPMØTET VÆRT BRA?
Noe varierende pga. skader etc. men ganske bra. Vi har 2 spelarar langtidsskada.

HVA ER MÅLET DERES FOR NESTE SESONG?
Målet er å vinne kvar kamp.

HVORDAN TROR DERE TABELLEN ENDER?
Å tippe tabellen på dette nivået er ikkje enkelt. I løpet av dei 3 sesongane våre etter opprykket til 4. divisjon har vi endt som nr. 6, 5 og 7 på tabellen. Vi har tatt poeng mot alle laga som vi har møtt i løpet av dei siste 2 sesongane. Det seier vel det meste. Trur Ørsta er det sterkaste laget i år, men dette blir berre synsing.. Dersom forbundstinget kommande helg vedtek å slå saman 3. div med resten av midtnorge, vil vel det slik kretsen legg opp til, vere 6 (7?) lag som rykker ned frå 4. div. Dette kan føre til at årets sesong kan bli litt spesiell, hvertfall på hausten.

HVA VET DERE OM SKODJE SITT LAG?
Skodje har fleire spelarar som tidlegare har vore innom Ørskog, så dei kjenner vi sjølvsagt til, i tillegg til at vi har samarbeidslaget G19. Odd Brede er ein av dei som tidlegare har iført seg den flotte Ørskog-drakta;) Han har ofte med seg Aston Villa-drakt på bortekampar, men tar den aldri opp av bagen. Etter at Ørskog i 3 sesongar har vore i divisjonen over Skodje, så er det lenge sidan vi har møttest i seriekamp, men vi trur Skodje har eit greit lag i år.

ANNET DERE VIL SI TIL SKODJE-BLOGGENS LESERE:
Det året vi rykka opp, var Ørskog, Stordal, Skodje og Ravn i samme divisjon. Då hadde vi masse lokaloppgjer. Etter at vi rykka opp, har det vore lenger mellom lokaloppgjera. Ifjor var vel 9 av 11 bortekampar fergeturar. Det er alltid artigare å møte naboklubben, så vi gler oss til lokaloppgjera, og håper at Stordal også etter kvart kan havne i samme divisjon.

Vi takker Ørskog, ved oppmann Øystein Nybø, for å ha tatt seg tid til å svare på våre spørsmål.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar