Sider

TIPPETIPS-SISTE RUNDE

Vemodig, men sant.  Fredag 18. oktober kl. 18.30 går årets siste runde i 4. divisjon av stabelen.
Men husk, det er berre 6 mnd. vi vi kan starte på igjen med blanke ark.

Gledelig at heile fire av seks kampar inneheld stor spenning sjølv i siste runde.  Opprykk står mellom Norborg og Rollon, Norborg har 1 poeng forsprang og den utsatte 10. plassen for nedrykk står mellom ÅVK og Godøy, ÅVK har 1 poeng forsprang.

Mauseidvåg og Solevåg - Stordal
Kampen blir ein rein formalitet mellom dei to nedrykksklare laga.  Vi trur heimelaget klarer å mobilisere nok til å vinne denne.  H.

Emblem - Hareid
Det andre oppgjeret med lita eller inga betydning mellom nr. 4 og 5 på tabellen.  Emblem har to poeng forsprang på Hareid so Hareid sin motivasjon må vere at seier gir 4. plass.  Emblem kan ta tredjeplassen om dei vinn denne mens Valder taper eller spelar uavgjort.
Trur Emblem skal ha raska saman det sterkaste mannskapet i denne kampen. H.

Blindheim - Godøy
Blindheim er på trygg grunn på 8. plass på tabellen.  Godøy befinn seg på den utsatte 10. plassen som mest sansynlig gir nedrykk.
Godøy må ha poeng for å kunne passere ÅVK på tabellen og kjem heilt sikkert til å kjempe for alt dei har kjært her, B.

Valder - Åram/VanKam
Valder innehar ein flott 3. plass på tabellen og vil heilt sikkert prøve å behalde denne.  I tillegg kan dei hjelpe sin gode nabo i vest, Godøy, til fortsatt 4. div.spel i 2014 og dermed lokaloppgjer.
ÅVK har hatt ein god haustsesong men det ser ut for at dei har trøytna litt i det siste.
Vi trur at Valder kjem til å hjelpe nabo Godøy her.  H.

Norborg - Ørsta
Norborg stod opp frå dei døde i forrige runde og banka eit slitent og redusert Skodjelag med 5-0.  Då hadde dei til og med hatt spelarmøte for å bli enig om at dei ynskte å rykke opp. 
Vi trur ikkje ynskjet har endra seg so mykje på ei veke so vi er sikker på at denne vinne Norborg, til stor jubel i Uggedalen med omland blir det då 3. divisjon og lokaloppgjer mot nabo Brattvåg i 2014.  Vi gratulerer!  H.

Rollon - Skodje
Rollon MÅ vinne eller spele uavgjort for å ha muligheit for å passere Norborg, om dei skulle gå på ei mine mot Ørsta.
Skodje har hatt ein sesong langt over forventa og innehar ein flott 6. plass på tabellen.  Det har hangla litt med skader, sjukdom, suspensjonar og harryturar i det siste, men her kjem trulig to Eirikar tilbake frå eksil og i kalasform.  Motsatt veg går storskorar Erstad som var litt for snakkesalig i forrige kamp og må sone.
Det blir uansett fartsfyllt og mange mål i Larsgården.  U.

Takk for i år!

5 kommentarer:

  1. Nå tipper du med hjertet og ikke med hjernen!! Skodje har ikkje ein nubbesjans mot Rollon! Sikker H!

    SvarSlett
  2. Å tro at Skodje skal ta poeng mot Adelen i Parken er som å tro på julenissen, spesielt etter ranet på Skodje i vår.

    SvarSlett
  3. Jørgen juva dauda ?

    SvarSlett
  4. Før sesongstart tippa Skodjebloggen årets 4. div. tabell. Den var slik:
    1 Rollon
    2 Norborg
    3 Emblem
    4 Hareid
    5 Ørsta
    6 Godøy
    7 Valder
    8 Blindheim
    9 Skodje
    10 Stordal
    11 ÅVK
    12 MSIL
    Om vi skal få inn vinnaren må vi nok dessverre legge oss i dagens kamp. Synd, men sant.

    SvarSlett
  5. Fasit:
    MSIL - Stordal 7-2
    Emblem - Hareid 4-2
    Blindheim - Godøy 1-2
    Valder - ÅVK 3-0
    Norborg - Ørsta 2-1 Gratulerer Norborg!
    Rollon - Skodje 2-0

    Endelig i form, 5 av 6 er sterkt, og då er det slutt.
    Den feiltippa var vel sett meir med hjerte enn men hjerne, om den fungerar.

    SvarSlett