Sider

VI VAR NEST BEST.

Skodje møtte eit svært sterkt og velspelande Rollonlag i Larsgården i dag.  Men vi stod godt imot og vart aldri direkte utspelt.

I fylgje pålitelige Rollonkjelder er dette det sterkaste mannskap Rollon har stilt med i årets 4. divisjon i år, og det var merkbart.
Allereie frå start vart Skøyegutane pressa over på eigen halvdel og det vart ein kamp med ryggen mot veggen den første halve timen.  Etter 10 min. spel kom 1-0.  Eit litt svakt utspel, tapt duell på midten og vips var Rollon gjenom og skora.
2-0 kom etter ca. 22 minutt.  Skodje hadde ballkontroll og prøvde som vanleg å spele seg ut av eigen halvdel.  Ei pasning vart snappa og mens Skodje var på veg framover kontra Rollon inn 2-0.
Dette kunne likne på ein skikkelig Skodjekolaps, men den kom heldigvis aldri.
Skøyegutane kjempe seg etter kvart meir og meir inn i kampen og stakk tilbake med nokre brukbare angrep fram mot pausa.

Andre omgong starta som den første.  Total Rollon-dominans, men Skøyegutane ofra seg og heldt buret reint.
Etter kvart kom Skodje seg til nokre halvsjangsar, og ein ball i nota etter eit døballtrekk, vart korrekt annulert for offside.
Hadde Skodje fått ei skoring i denne perioda  kunne det virkelig ha blitt kamp om poenga.
Men Rollon kom tilbake og kontrollerte det heile inn til ein grei 2-0 seier.  Absolutt fortjent etter spel og sjangsar, men dessverre ikkje nok til opprykk etter som Norborg sleit seg til ein 2-1 seier i Uggedalen.
Klart best på Skodje i dennne kampen var brødreduoen Nesset Hjelvik på midtbana med midtstopparkjempene Aure/Fylling på omtrent same nivå.
Våre to kjappe teknikarar Beite & Høyvik viste glimt av sitt potensiale, men har eit lite stykke til toppnivå.  Det kjem i Futsal-KM!
Dommaren i kampen, David Fiskå, Vartdal TIL må vi nemne, han snakka ikkje vartdaling men dømte til gjengjeld svært godt.

Kampfakta:
Rollon - Skodje 2-0 (2-0)
Dommar: David Fiskå, Vartdal IL
Ingen kort, til nokon av laga.  Flott!
Skodjes lag: Ole E. Willumsen - Sigmund Mestad, Marius Fylling, Bjørnar Aure, Marius Rogne - Sondre Beite, Vegard N. Hjelvik, Eirik N. Hjelvik, Tobias Sortehaug,  Ingve Stokkereit - Eirik Høyvik
Benytta innbyttarar:  Vegard Eriksen, Emil Slettedal, Lars Even Beite, Thomas Honningdal

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar