Sider

TRENERENS HJØRNE: RAVN

Som kjent skal Bjørnar Aure og Jonas Berg Tennøy lede A-laget i kampen mot Ravn. I den forbindelse har Skodjebloggen mottatt en del linjer om kampen fra trenerteamet.

"Kjære Skodjebloggens lesarar! No nærmar det seg til årets kamp. Vi i trenarteamet ser fram til kveldens storkamp mot IL Ravn til det som blir vår ilddåp som trenarar i Skodje IL. Vi er sikre på at det blir med suksess. Arbeidet vi har lagt ned er sjølvsagt som forventa av trenarar av vår kvalitet.

Etter å ha vore til stades på Ravn-trening tirsdag er det klart at vi må gjere nokre grep om torsdagen skal bli den draumedagen som enkelte håpar på. Difor vert det eit svært spanande lagguttak. For det første må vi ha ein keeper som stoppar skudd lågt på bakken. Så må vi ha ei forsvarssrekke som er kjapp, hovudsterk og som har gode overstegsfinter. Om ein kan lure av Anders Berg allereie i bakre rekke, vil vi kunne skape overtal i fleire situasjonar framover. Det er sjølvsagt ein draum for trenarar av vårt kaliber.

Vi skal ikkje røpe navn, men det er klart at vi må ha ei midtbane som klarer å ta vare på dette overtalet. Difor vil vi legge opp til ei midtbane som er kjapp på dei første 10 metarane (slik at ein rekk å kome på overlapp). Framme må vi då ha spelarar som ikkje er for raske, slik at når vi kjem ned på 45 grader, er dei ikkje heilt inne hjå keeparen (når ein slår 45 bør ein helst vere ute på straffemerket). Med andre ord; det vert nok ikkje ein spelartype ala Samuel Etoo som startar. Den einaste vi vil røpe startar, er Eirik Høivik som er tiltenkt ei svært spesielle rolle. Den har han allereie fått beskjed om, og vi er overbevist om at han taklar denne rolla på ein utmerket måte. Eirik startar fordi han ifølgje Facebooken sin spiste bønner til middag i går, og etter det slo til med ein såkalt brølar. Av den får han respekt av trenarteamet, som samstundes kom opp med ein god idé. Det vert nok bønner til middag i dag og, Eirik.

Vi har sjølsagt skaffa mykje informasjon om denne Ravns lag, men det vil me ta først i morgon slik at me ikkje avslørar alt på førehand. Difor oppmodar vi alle om å møte forberedt til ein lang peptalk i morgon (vi køyrer opp varmen på klubbhuset på dagtid slik at alle er godt oppvarma til kampen startar). Når det gjeld førebuingane reknar vi med at folk står opp tidleg, tek seg ein gåtur på dagtid og møter fullt skjerpa til kamp (nummer sju på Toscana er ikkje anbefalt, Tobias). Det er ikkje mykje forlangt.

Vi har allereie vore innom enkelte av tinga vi skal ha fokus på. I tillegg til dette er det nokre få ideear me i trenerteamet har. Enkelte held vi for oss sjølv, men vi kan jo sjølvsagt avsløre nokre for dykk. For det første skal vi ikkje ha nokon bestemt taktikk; vi skal berre køyre på. Me i trenarteamet var i kontakt med ein som heiter Jostein Grindhaug tidlegare denne veka. Me fekk han til å prøve ut denne taktikken i ein betydningslaus kamp denne veka. Det enda sjølvsagt med storsiger.

Så dersom dykk følgjer vår plan, vil me garantert score eit par-tre enkle mål. I den forbindelse har trenerteamet eit ønskje eller to; Vi ønskar at alle spring om kapp bort mot trenarbenken og gir Bjørnar eit kyss på storetåa. Det var nemleg medan han klipte tåneggelen at planen om å legge ut 45 grader vart klekt ut.

På mål nummer to ber vi om at alle spring opp mot publikum og takkar alle saman for oppmøtet. Med tanke på det nye trenarteamet reknar vi med at ein god del tilskodarar tek turen til Skodje stadion i morgon. Difor oppmodar vi folk om å takke fem publikummar kvar. Forsvaret og X (avsløras ikkje før i morgon) takkar partall, medan resten takkar resten.

Det som vert viktig i morgon er å vere sinte. Dersom alle har ei innstilling og kjeftar på kvarandre, vil alle springe litt ekstra mykje. Difor ser trenarteamet på det som naturleg å leie inn ein kjent person til å halde peptalken i garderoba. Her ber vi om at alle tek med fem kroner kvar.

I så fall vil vi bli glade etter kampen, som jo er det viktigaste. Dykk skal sjølsagt bli fritatt til å halde desse tøvete heiaropa dåkka i garderoben ein times tid etter kampen, men inntil vidare forventar trenerteamet at spelarane samlest i midtsirkelen til hylling der. Hvis ikkje... Ja, hvis ikkje er det best om dykk kjem dåkke langt ut av bygda.

Men det skal vi nok sleppe. Ved hjelp av coaching i universklasse, vil vi nok klare å slå Ravn i morgon. For sjølv om spelarane ikkje akkurat er verdsklasse, hjelp det på at trenarteamet har gjort ei grundig førebuing. Vi gler oss til å bli takka etter kampen og ønskjer alle velkommen til Skodje stadion. Vel møtt skal de vere.

Mvh trenarteamet"

5 kommentarer:

  1. Hehehe...Noko av det bedre eg har lest av eit "trenarhjørne".
    Dette må vel berre bli suksess med ein klar 6-5 siger, eller noko slikt.
    Eg kjem!

    SvarSlett
  2. ps. Husk at dommar A.P.Andersen alltid befinn seg i midtsirkelen.
    Skal de foreta nokon "på kanten" manøver bør det skje i endane av bana, der har han ingen kontroll :-)

    SvarSlett
  3. Merka en ein "boom" med nye trenarar? 72 attending på Fjesboka er vel ikkje kvardagskost.

    SvarSlett