Sider

FUTSAL-KM. MENN NORDRE

Arrangør av Futsal-KM for menn i nordre region, Ørskog IL-Fotball, har lagt ut avdelings- og kampoppsett for turneringa laurdag 9. november i Ørskoghallen.

På grunn av litt dalande interesse for Futsal-KM for menn prøver fortballkretsen i år ut eit nytt konsept.  Det går ut på at det blir arrangert eit mesterskap for nordre Sunnmøre og eit for søre luten.
Det vart dessverre ikkje fleire påmeldte lag av den grunn, snarare tvert imot.

8 lag, går ut frå at det blir 4 frå nordre og 4 frå søre, skal so gjere opp om kretsmesterskapet i Ørskoghallen helga 23.-24. november. (ein av dagane).

I fylgje oppsett frå Ørskog IL si Futsal-KM side er Skodje komt i avdeling saman med SIF 1, Rollon og Vigra 1.  Ei knallhard avdeling i forhold til dei øvrige.

I fylgje same nettside har Ørskog sett opp avdelingane etter trekning.  Etter kretsen sine retningslinjer skal dette skje etter seeding av laga i forhold til tabellplassering sesongen 2013.
Mulig det kan dette inn nokre protestar her sidan avdelingane virkar noko ujamne.

Men uansett, vi gler oss til Futsal-KM i Ørskoghallen!

5 kommentarer:

  1. Kor mange lag har det brukt å være med?

    SvarSlett
  2. Totalt er der vel påmeldt 28 lag i år. I fjor var tale 30, men for 5-6 år sidan deltok ca. 40 lag kvart år i KM klasse senior menn.

    SvarSlett
  3. I fylgje info på nettsida til Ørskog har Stordal trekt lag 2. Dermed blir der to avdelingar med berre tre lag.
    Korrigert kampoppsett finn du på same nettside, sjå hovedartikkel.

    SvarSlett
  4. Då forsvann også SIF 2 frå Futsal-KM i Ørskoghallen. Håpar det stoppar der.

    SvarSlett
  5. I dag forsvann Godøy, og vi er nede på 12 lag. Dette begynner å ligne på ei lita komedie.

    SvarSlett