Sider

TIPPETIPS RUNDE 20

To rette i forrige runde,  svakt.  Denne runda er heldigvis konsentrert om torsdag, som det skal vere.  Einaste unntak er på Valdervoll der Valder fortsatt drøymer om 3. divisjon og fredagskamp.

Torsdag 3. oktober:

Blindheim - Stordal
Etter nokre sterke resultat kom Blindheim ned på jorda i forrige runde med tap borte mot MSIL.  Dermed er laget fortsatt i gjørma som nedrykkskandidat.
Stordal sto vel nermast opp frå dei døde i forrige runde, og banka legionærane frå Ebbemyra med 2-1 på Kirkebø.  Fortjent i fylgje Stordal.nu, ran i fylgje outside.com (Emblem si nettside).
Sikkert gøy for Stordalingane i vinne ein fotballkamp igjen, men det forhindrar ikkje at det blir 5. div. i 2014.
Det same kan det fort bli for laget frå Blindheim og Sagaøya om det ikkje blir seier i denne kampen.  H.

Rollon - Godøy
Det brukar å slå litt gnistar av desse oppgjera og det kan fort skje også i dette oppgjeret i Larsgården.
Rollon meldte seg på igjen i toppstriden ved at alle dei andre opprykkskandidatane feila i forrige runde, mens Rollon sleit seg til ein litt heldig 2-1 seier på Eidsåvoll.  Fire poeng opp til ledarlaget Norborg på tre kampar er ikkje uoppnåeleg.  Husk at Norborg skal til Skøye i neste runde.
Godøy måtte vinne sist for å henge med i bortnstriden, og gjorde det.  Norborg vart leikande lett sendt heim frå Gøyna med 0-2 i medisinskrinet.
Dermed ein kamp som begge lag MÅ vinne, og det skjer sjelden i fotball. U.

Emblem - Åram/VanKam
Eit nytt skjebneoppgjer i topp og botn.  Emblem var på tur i indre fjordstrøk i forrige runde og i fylgje trenar Knutsen spelte laget sin årsbeste kamp, og tapte fortjent 1-2 mot det desiderte botnlaget Stordal.
Dermed må vel det samansette Emblemslaget overgå seg sjølv for å klare poeng mot ÅVK, og det er vel det trenar Knutsen håpar på, om han klarar å gjere seg forstått på bymaul med alle språk og dialektar han bør beherske.
ÅVK følte seg litt snytt sist søndag etter å ha tapt 1-2 heime mot eit anna bylag, Rollon.  Det spørs om dei har klart å lade opp att batteria på so kort tid til at det kan bli poeng her.
Vi tvilar, og tippar H.

Norborg - Hareid
Norborg har hangla ein del den siste månaden men klamrar seg likevel fast på toppen med si evne til å avgjere jamne kampar.  Det klarte dei slett ikkje i forrige runde og tapte 0-2 mot hardtkjempande Godøy.  Dermed beheldt vi litt av spenninga i toppen.
Hareid har hamna "i dødens" i divisjonen og har berre heder og ære å spele for.
Vi trur at tapet sist fører til skjerping i Nordre Borgund og tippar H.

Skodje - Ørsta
To andre lag som har hamna på ein litt uspennande plass på tabbelen.  For Ørsta sin del er vel dette noko skuffande, for Skøye sin del ei rein glede.  Skodje har 28 og Ørsta 27 poeng og laga befinn seg på 6. og 7. plass på tabellen.
Skodje får dessverre ikkje høve til å vise fram dei tre sprudlande nykonfirmerte musketerane sine, S. Beite, Høyvik og Opsal i haustinnspurten, i det ørstingen Opsal må ha drive med uhøviske aktivitetar og drege på seg kyssesjuka, mens Høyvik vart utsett for eit lite justismord av dommar og krets i kampen mot Godøy og må sone for sin udåd til siste serierunde.  Han får heller ikkje spelt juniorkampar i perioda og hamnar dermed opp med 6 kampar karantene.
Skodje har likevel so pass mykje kvalitet i laget at det bør bli ein knepen seier, men då må dei la føtene og skrotten tale og la kjeften vere igjen.  H.

Fredag 4. oktober:

Valder - Mauseidvåg og Solevåg
Valder var virkelig i siget mot ein toppplass, men snubla.  På dei to siste er det blitt eit poeng og dermed fortsatt 7 poeng opp til ledarlaget Norborg.  Det blir for mykje med tre kampar att, og kampen kunne vel derfor like godt ha blitt spelt på torsdag, sidan det likevel ikkje blir 3. div. i 2014  på Valdervoll.
MSIL hadde føre seg ei krampetrekning i forrige runde med seier 3-2 heime over nabo Blindheim.  Men løpet er nok kjøyrd for laget frå indre Suløen og det blir nok divisjonsbyte med tidligare storebror Langevåg i 2014.  H.

6 kommentarer:

  1. Enda et eksempel på systematisk hetsing av Emblem!

    SvarSlett
  2. har dt slått deg at dt kanskje er en grunn til at enkelte lag får gjennomgå oftere enn det andre lag gjør??

    SvarSlett
  3. Å kalle dette hets er å overdrive, det er vel heller en skildring av sannheten!

    SvarSlett
  4. Til den anonyme Emblemsbygdaren:
    Ein må gjere seg fortjent til å bli litt "hetsa" med før ein får oppleve den æra på Skodjebloggen. Og det har vel Emblem klart?
    I dag raljerer vi forøvrig med både dommar, krets og ein del Skodjespelarar.

    SvarSlett
  5. Resultat torsdag:
    Blindheim - Stordal 3-1
    Rollon - Godøy 2-1
    Emblem - ÅVK 3-3
    Norborg - Hareid 0-5!
    Skodje - Ørsta 3-0. Hurraa!
    To rette av 5 er ikkje mykje å hoppe i taket for.

    SvarSlett
  6. Resultat fredag:
    Valder - MSIL 5-2
    Tre rette av seks. Midt på treet.

    SvarSlett