Sider

- FUTSAL ER NOKO TULL

Skodjebloggen fortsetter å telle ned til KM ved å intervjue profiler rundt om i sunnmørsfotballen. Denne gang er det Mr. Hareid, Einar Orten Trovåg, som har svart oss.

* Hvem tror du vinner hele KM?
Trur det blir nokon av dei vanlege, altså Volda eller Brattvåg. Larsnes og SIF kan også vere outsiderar.

* Hvem blir toppscorer?
Det trur eg blir ein som spelar på eit lag som kjem langt. Gjerne ein som er flink til å skyte med tåa (som ein vel må kunne for å gjere det skarpt i futsal). Nesten umogleg å komme med eit namn her, for det er så ope... så, tja, stalltipset får bli Brynestad (Volda) eller Sundnes (Brattvåg).

* Hva tenker du om Skodjes sjanser i sluttspillet?
Dersom innespesialisten Eirik Hjelvik har dagen kan kanskje Skodje vinne eit par kampar. Men blir svært overraska om dei kjem på topp 4.

* Liker du best "vanlig" innefotball eller futsal?
VANLEG! Futsal er noko tull. Mange reglar som ingen forstår, ei heller dommarane, ball utan sprett, handballmål etc.... Kan ikkje forstå at nokon her på Sunnmøre likar futsal. Det må i tilfelle vere ein som har budd og spelt det i ein av dei store byane. Her på Sunnmøre er innefotball noko ein held på med ei lita stund etter sesongslutt ute, og då er det ikkje tid til å bli så god i futsal at det gir meining. Sjekk forresten ut facebookgruppa "Legg futsalen død, SFK! Vi vil ha vanlig innefotball"

* Hva tenker du om ditt eget lags muligheter?
Ser ut som vi stiller ganske redusert, så har ikkje dei store forhåpningane. Men vi skal tilbake til 2003 for å finne eit år Hareid ikkje var blant dei 8 beste, så eg får tippe kvartfinale då. Det vil vere ein god prestasjon med tanke på at vi manglar 3 av dei 8 utespelarane frå gruppespelet, og må hente inn folk som ikkje kom med på andrelaget...

* Hvilke spillere bør man se opp for i KM?
Spelarar som har øvd seg på å behandle futsal-ballen.

Skodjebloggen takker Trovåg for sine svar, og ønsker både han selv og Hareid velkommen til Skodje søndag.

3 kommentarer:

  1. Flott sak, men ej ekje mr. Harei.

    Den tittelen får han Vagn eller han Kimmen ta seg av:)

    Ej hekje spelt en einaste seriekamp for Harei, og he såte i styret i berre to år pluss trent nåken aldersbestemte lag. So der e nok andre som he vore viktigare for klubben enn mej!

    EOT

    SvarSlett
  2. Synd Hareid ikkje er gode i futsal. Då hadde futsal kome for å bli. Hareid er Hareid!

    SvarSlett
  3. Det skulle gå an å "likt" innlegg slik som på Facebook... Hareid er Hareid.

    SvarSlett