Norborgs populære nettside, http://www.norborg.com/, har tatt en kjapp gjennomgang av KM-gruppene. Her er deres vurderinger:
Gruppe A:
SIF - Valder - Larsnes/Gursken - Volda 2
Sjølv om Valder har erstatta Godøy i denne gruppa så er det nok fortsatt den tøffaste gruppa. Valder er jo alltid gode inne, medan SIF og Larsnes/Gursken gjekk vidare som gruppevinnarar. Volda har mange gode spelarar og Volda2 slo blant anna ut Ørsta. Her blir det ingen enkle kampar, men vi held SIF og Valder som favorittar.
Gruppe B:
Volda 1 - Spjelkavik - Blindheim - MSIL 2
Volda blir klare favorittar i denne gruppa. Spjelkavik og Blindheim i hard kamp om 2. plassen. Sterkt av MSIL å ha to lag vidare, men i dette selskapet blir det nok for tøft.
Gruppe C:
Brattvåg 1 - Norborg - Vigra - Hasundgot
Brattvåg naturlege favorittar sjølv om dei måtte bite i parketten for Godøy i helga. Norborg kvalifiserte seg for nok eit sluttspel og er betre førebudd denne gong enn i fjor. Vigra starta dårleg i innleiande spel, men vaks med oppgåvene og karra seg vidare etter siger over SIF. Hasundgot har vi ikkje sett på 10 år, men er overraskande med i sluttspelet etter å ha slått ut eit lag som ÅVK. Norborg og Vigra er nok dei to som kjempar om 2. plassen i gruppa.
Gruppe D:
Hareid - Valder - MSIL 1 - Emblem 1 - Skodje
Fem lag i denne gruppa sidan Skodje ikkje greidde å kvalifisere seg gjennom sportsleg innsats og er med som arrangør. Godøy imponerte heime i Godøyhallen i helga og blir gruppas favoritt. MSIL imponerte også i innleiande spel og blir å rekne som favorittar til 2. plassen. Men Hareid, Emblem og Skodje blir ikkje kasteballar.
Heilt rart at det skal bli spelt på søndag.. Hvorfor ikke Fredag og Lørdag? Sluttspillet søndag? gruppen med 5 som har hele 4 kamper på søndag skal også spille sluttspillet på søndag? dårlig planlegging..
SvarSlett