Sider

ROLLON BERGA LITT SPENNING

Det einaste av topplaga som tok tre poeng denne runda var Rollon med sin 2-1 seier over ÅVK i dag, søndag.

Dermed berga bylaget noko av spenninga i toppen av 4. divisjon.  Rollon har no fire poeng opp til Norborg på topp som ha 40.  Det igjenstår tre rundar.
Emblem på 3. plass har 35 poeng og kan og true tetlaga med ein god sluttspurt.
Valder med 33 og Hareid med 32 har nok for lang avstand opp til å kunne vere nokon trussel for Norborg.
I botnen er det fortsatt fem lag som knivar om å unngå nedrykk.  Stordal og MSIL er nok fortapte, trass i at begge vann sine kampar denne runda.
Då står det mellom Blindheim (23), Godøy (21) og ÅVK (19) å unngå 10. plassen samt den mulige utsette 9. plassen om tre Sunnmørslag skulle rykke ned frå 3. divisjon.
Det går mot ein spennande haust i både topp og botn av tabellen.  Vi gler oss!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar