Sider

- LAT SESONGEN STARTE!

Odd Brede Langdal har lagt bak seg eitt år som leiar i fotballgruppa. Her er hans tankar om tida hittil og sesongen som står for tur.

(Dette innlegget er eigentleg ein del av eit sesonghefte som i desse dagar kjem i postkassa til innbyggjarane i Skodje kommune. Etter forespurnader frå utflyttarar har vi tenkt å gjere ein del av stoffet tilgjengeleg på nett).



Kjære fotballengasjerte!  


Først vil eg takke alle som bidro til at vi fekk ein flott 2011-sesong med mykje flott aktivitet og høg grad av utvikling i Skodje-fotballen.  Vi har no lagt bak oss ein vintersesong med deltaking i KM for ulike alderstrinn, og ikkje minst Vennecupar i Gomerhuset, noko som må seiast å vere en lokal suksess.   


Treningsforholda har vore upåklageleg, og stadion har nærmast vore fri for snø hele vinteren. Vi må rette en stor takk til brøytemannskapet vårt som har gjort en glimrande jobb her! Anleggsutvikling er med på å bygge opp den høge aktiviteten vi har året gjennom, og med kunstgrasbane og Gomerhuset har vi to flotte anlegg som kan skape mykje god aktivitet.   No står vi føre ein ny sesong, og vi har endå ein gong mange lag som er påmeldt. Vi har sjølvsagt nokre utfordringar, og kanskje spesielt på to område. På jente- og damesida er det ting som kan forbetrast, og det er noko vi må prøve å jobbe med denne sesongen. Korleis utvikle jente- og damefotballen på Skodje for å skape kontinuitet på spelarar og leiarar?   


Eit anna område er å skape en større interesse for organisasjonsarbeid i fotballgruppa. Vi treng alle tillitsvalde vi kan få, og for å få den utviklinga vi ønskjer treng vi fleire som ønskjer å bidra på denne sida.   Sportsplan blei forma ut i 2011 og godkjent på årsmøtet til fotballgruppa. Dette vil vere en viktig rettleiing for alle i fotballgruppa, og eit levande dokument som skal vere oppe til diskusjon i mange forskjellige forum.   


Samtidig håper vi å få til fleire nye aktivitetar kommande sesong og vi håper at flest muleg finn vegen til stadion, både aktive og tilskodarar, men også dei som berre ønskjer en sosial arena for å slå av en prat over en kopp kaffi.  Og med det vil eg ønske alle på Skodje lykke til med kommande sesong!  


Mvh. Odd Brede Langdal 
Leiar for Skodje IL Fotballgruppa       

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar