Sider

TIPPETIPS - FØRSTE HAUSTRUNDE

Endelig er vi i gong igjen med lokalfotball, og for ei åpning! 

Eit toppoppgjer eit botnoppgjer og to lokaloppgjer komande torsdag.  Hareid føler vel fortsatt at dei har ei lita tå i 3. div. og spelar fredag.  Oppgjeret Ørsta-Stordal vart spela 24.06. slik at Stordalingane kan få litt lenger rekonvalisens etter sitt sommar-opphald på Langsætrane.

Torsdag 08. august:

Åram/VanKam - Mauseidvåg og Solevåg
Eit reinhelka botnoppgjer der begge lag har kniven på strupen.  For ÅVK sin del er vel dette "vinn eller forsvinn".  Laget har styrka seg litt gjenom sommaren og ikkje minst fått inn ringreven Lars Petter Rønnestad som ny trenar.  Seier 3-2 over 3. div. laget Bergsøy i forrige veke vitnar om ein ny giv.  MSIL har halde ein lav profil i sommar men dei og er avhengig av poeng for å unngå dei tre siste plassane på tabellen.  Spennande oppgjer, men heimefordel tilsei H.

Godøy - Valder
Eit klassisk lokaloppgjer som alltid brukar å bli jamne og spennande kampar.  Mulig at Godøy har lånt seg vekk i sommar i det strategen Svein Arve Alnes er utlånt til SIF.  Når han er speleklar for Godøy igjen er ukjent for oss.  Valder på si side har fått tilbake eit par spelarar frå SIF som vel fann ut at graset ikkje er so mykje grønare uti Skarbøvika enn på Valderholmen.  Våroppgjeret enda med 1-0 til Valder.  Vi trur Godøy får ein liten revansj på heimebane, U.

Norborg - Rollon
Storoppgjer på Uggedalen stadion!  Nr. 1 mot nr. 2 på tabellen.  Om Norborg skulle vinne denne vil dei ha heile 9 poengs ledelse i 4. div.  Norborg tapte oppkjøringskampen 3-5 heime mot Skodje laurdag, noko som heilt sikkert vil mane til ekstra innsats, mens Rollon MÅ vinne for å henge med.
Dette blir heilt sikkert ein tett og jamn kamp, men vi trur at trenarstrateg Stig Monsen i Rollon vil legge ein lur slagplan og at trenarassistent Alex vil mane til stor innsats for bylaget både før og under kampen. B.

Skodje - Emblem
Nytt lokaloppgjer mellom by og land.  Sjølv om Emblem som bygd er rimeleg landlig, er laget ein del by-prega.
Skodje har, som dei fleste andre av 4. div. laga, ein del endringar i spelarstallen til hausten.  Korleis dette vil gi utslag tek det vel eit par tre rundar å fastslå.  I alle fall har dei "henta" keepererstattar for Brede Waag som for til Oslobygda.  Erstattaren er skøyeguten Are L. Kvalsvik som kjem frå Valder men har trena med Skøye i heile vår.  Vidare er nok ein keeper "henta", det er den svenske greenkeperen på Solnør Gård golfbane, Alexander Berntsson.  Han har og trena med Skøye heile våren.
Og sist, men ikkje minst, har Brattvågaren Marius Fylling Rogne funne vegen til Skodje stadion via den danske klubben Skovbakken Herrefodbold.
Om Emblem har nokon endringar i stallen igjenstår og sjå, dei har vel ikkje full oversikt over kven som fer og kjem uansett.
Våroppgjeret enda med ein fortjent 2-0 seier til Emblem.  Vi trur på revansj for Skøyegutane. H.

Fredag 09.08.

Hareid - Blindheim
Hareid har neppe gløymt 1. serierunde der dei tapte 1-3 mot Blindheim og kom dermed noko skjevt ut i forhold til forventa topplag.  Hareid har i sommar mista sin store strateg Kim-Tore Husøy som har flytta til Oslo.  Ellers manglar dei ein del spelarar til dette oppgjeret, men neppe so gale som for Blindheim i fjor då halve laget forsvann etter endt vårsesong og det heldt på å ende med nedrykk.
Blindheim har halde ein lav profil i sommar.  Vi går ut frå at Islendingane har teke feria si på sagaøya og at spelarane dermed har fått ligge på solsenga med føtene høgt.
Vi trur mest på Hareid i dette oppgjeret.  Revansj frå i vår, og H.

Når det gjeld kampen Ørsta - Stordal som vart spela 24.06. tippar vi 2-1 til Ørsta.

Vi gler oss til seriestart haust!

2 kommentarer:

  1. 2 av 4 torsdag er vel normal uttelling.
    U på Gøyna var snublande nær og H på Skøye var vel meir ein draum enn ein realitet.
    Med H på Hareid i morgon er vi i rute.

    SvarSlett
  2. 3-3 mellom Hareid og Blindheim, skrell!
    Dermed 2 rette av 5 i første haustrunde. Svakt!

    SvarSlett