Sider

TIPPETIPS RUNDE 14

Forrige runde vart som vi spådde svært jamn.  Unntaket var Stordal sitt 2-6 tap heime mot ÅVK.
Denne runda trur vi blir stort sett heimeprega og inneheld eit durabeleg bydarby.

Torsdag 22. august:

Godøy - Stordal
Godøy står med to eitmålstap so langt i haustsesongen.  Det siste med 1-2 borte mot MSIL svei vel nesten like mykje som 2-3 heime mot Valder.
Stordal har feriert både vel og lenge og fortsette med det i første haustkamp med 2-6 heime mot ÅVK.  Godøy får i denne kampen tilbake sin store strateg Thalberg Alnes som sona for diverse udådar sist, og vi held dermed laget som klar favoritt mot Stordalingar som vel enno ikkje har fått rista av seg tørrhøyet. H.

Hareid - Mauseidvåg og Solevåg
Nabo-oppgjer på Hareid.  Berre litt sjø og ei ferge skil desse laga geografisk.  Hareid har ikkje fått nokon pangstart på haustsesongen med berre eit poeng på to kampar.
MSIL starta hausten med å bli rundspelt på Eidsåvoll men slo tilbake med 2-1 heime mot Godøy.
Vi trur at Hareid no har rista av seg tapet av motoren sin, Husøy, og fått ut årane slik at dei klarer å ro seieren i land.  Klar H.

Norborg - Blindheim
Trass to strake tap i innledninga av haustsesongen toppar fortsatt Norborg 4. divisjon.   Det borgar vel ikkje akkurat for 3. divisjonsklasse av topplaga i divisjonen. 
Det samansette laget frå Haram med omegn vart utsett for både ei rotbløyte og mangel på ballar! i forrige oppgjer på Emblem.
Blindheim import spelte som vanleg uavgjort heime mot Skodje, uten å imponere mot eit noko skadeskote Skøyelag.
Vi føler oss rimeleg sikker på at der blir nok ballar på Uggedalen stadion i denne kampen og at vannspredaren blir avslått.  H.

Åram/VanKam - Ørsta
Nabo-oppgjer på søre luten.  ÅVK har starta haustsesongen som ein rakett med to klare seierar mot botnkolegaene MSIL og Stordal.  Dermed har laget kontakt oppover på tabellen og kan bli haustens store slager.  Men opprykk har vi ikkje tru på.
Ørsta har hamna i ingenmannsland på tabellen med sine 20 poeng men gjorde ein god kamp med 3-3 borte mot Rollon sist.
Likevel held vi eit nyrenovert ÅVK som favoritt i denne nabobataljen, H.

Rollon - Emblem
Mandelen i grauten!  Bysentrum mot den ytterste byutkant, i alle fall geografisk. 
Rollon sitt uoffisielle nettforum har brukt veka til å fyre godt opp under dette oppgjeret.  Det er ei lykke at Emblemledelsen har nekta spelarane å lese dette forumet, og mange av Emblemspelarane forstår nok heller ikkje kva der står.
Emblem struttar sikkert av både sjølvtillit og diverse steroidar etter ein sterk hauststart og god kontakt med teten.  Rollon på si side har og hatt ein bra haust med 3-2 over Norborg borte og litt skuffande 3-3 heime mot Ørsta.
Vi trur radarparet Monsen-von Løvensprung vil mane sentrumskarane til stordåd i denne kampen.  H.

Lurdag 24. august:

Skodje - Valder
Vi mistenkjer at Skodje sin representant under terminlistemøtet i vinter må ha duppa av når denne runda vart beramma.  Torsdag er kampdag i 4. div.  Laurdag/Søndag er berre unntaksvis for lange reiser, og det er vel ikkje so uoverkomeleg langt frå Valderholmen og inn til Skøye?
Denne kampen bli dermed noko uinteressant for underteikna, som ikkje har underteikna, sitt vedkomande i det eg kjem til å finne meg ein 4. div. kamp torsdag, so får laurdagskampen segle sin eigen sjø.  Men for all del, om nokon vil sjå kampen laurdag kjem den til å ende 2-1. H.

I runde 13 vart resultatet 2 rette av 6.  Begredelig!  Vi føler oss rimelig trygg på at 6 strake H-ar vil rette opp ein del av statistikken.


3 kommentarer:

  1. 4 rette av 5 i dag, torsdag. Bra! Resultat:
    Godøy - Stordal 5-0
    Hareid - MSIL 5-2
    Norborg - Blindheim 5-0
    ÅVK - Ørsta 2-1
    Rollon - Emblem 1-2

    SvarSlett
  2. Dermed toppar fortsatt Norborg med 31 poeng. Emblem er no på andre med 28 mens vårens suverene ledarlag, Rollon, er nede på tredje med 26 poeng, og kam bli passert av Valder om dei vinn på Skøye laurdag. Men det gjer dei ikkje!

    SvarSlett
  3. 2-2 mellom Skodje og Valder.
    Dermed enda det med 4 rette av 6. Brukbart.

    SvarSlett