Sider

TIPPETIPS RUNDE 17

Ei runde med eit toppoppgjer og for øvrig stort sett bitter nedrykksstrid.  At runda går samla torsdag er for fotballnerdane ei rein lykke.


Torsdag 12. september.

Godøy - Hareid
Det har butta litt imot for Godøy i haust.  Kun ein seier, men den var stor, 5-0 over Stordal.  Om plassen i 4. div. skal bergast må poengsankinga snart starte. 
Hareid har klatra på tabellen etter tre strake mot dei tre botnlaga.  Imidlertid veit vi at laget ikkje trivast so godt på Godøya.
Vi let derfor tradisjonen og Godøy sin lett desperate tabellsituasjon tale for ein H.

Valder - Emblem
Rundas desiderte toppoppgjer melom nr. 2 og 4 på tabellen.  Med heimeseier er Valder a poeng med gjestane frå utkantbya.
Valder er vel no snart fulltalige etter at fleire har komt rekande tilbake frå ein lite vellykka bytur. 
Til Emblems store fortviling stenger overgongsvinduet i breiddefotballen i dag 10.09, men dei har vel sanka saman nok til å fullføre hausten med ein viss stil.
Vi trur Valder kjem til å mobilisere her.  Med seier er dei med for fullt i toppstriden, med tap er dei hekta av. H.

Mauseidvåg og Solevåg - Rollon
MSIL slit i motbakke.  Sjølv om dei kjempa godt mot serieledaren i forrige runde vart det eit nytt tap, 0-2.  Det blir nok seneskifte på Sula neste sesong med Langevåg tilbake i førarsetet.
I fylgje Rollon.info har laget no "teke ein Emblem" og hanka inn spelarar både frå aust og vest.  I tillegg testar dei ut litt bloddoping i fylgje same nettside.  Sitat frå trenar Monsen: "Rollons trenere håper at litt friskt blod skal kunne bedre konkurransen om plassene".
Vi trur desse til dels drastiske tiltaka vil snu ein litt negativ trend og ta knekken på tapre Sulalendingar. B.

Stordal - Norborg
Topp mot desidert botn.  Det kan vel berre gå ein veg, eller?  Norborg viste heller svake takter mot MSIL sist men rodde likevel inn ein 2-0 seier.
Stordal fikk bank so det svei på Skøye, men viste faktisk i starten på andreomgangen at dei har ein del å fare med, sjølv om det blir 5. div. og nabo-oppgjer mot Ørskog i 2014.
Vi satsar på ein virkelig skrell her. U.

Ørsta - Blindheim
Nr. 7 mot nr. 8 på tabellen, og ingen av laga er 100% sikre på 4. div. spel neste sesong.  At Ørsta skal ryke held vi for svært lite sansynlig.
Blindheim har yppa seg ein del i det siste etter smellen mot Norborg (0-5), og 3-3 mot Emblem og 5-3 over Rollon dei to siste rundane vitnar om målteft og litt rusk bakover.
Likevel trur vi at Ørsta sikrar fortsatt 4. div. spel i denne kampen, samtidig som dei sender Blindheim ned i botnstriden for fullt. H.

Åram/VanKam - Skodje
To lag i god haustform brakar saman på Eidsåvoll.  ÅVK har vore haustens lag i divisjonen sjølv om det butta litt imot med tap 1-3 mot nabo Hareid i siste runde.
Skodje brukte forrige runde til å nedsable sine goda naboar frå fjordstrøka, Stordal, med 7-2.  Samtidig sette dei litt haustfarge på tilværelsen med fire gule kort på slutten.  At det er mulig!
Det resulterer i at brødrene Nesset Hjelvik slepp den uoverkomelege lange turen til Eidså.  Det same gjeld diverse andre støttesplerar som enten er låke eller ferierar! i september.  Mikal Skodjereite sen. (60 år) spelte faktisk tilsvarande oppgjer i 2010 var det vel.  Kan han vere aktuell igjen for å fylle opp laget?
Uansett, klar H.


2 kommentarer:

  1. Fair play av hjelvik å få gult kort når man skal på ferie

    SvarSlett
  2. Resultat runde 17:
    Godøy - Hareid 2-2
    Valder - Emblem 2-1
    MSIL - Rollon 2-4
    Stordal - Norborg 2-4
    Ørsta - Blindheim 2-3
    ÅVK - Skodje 5-1
    3 rettte av 6. Litt under pari.

    SvarSlett