Sider

TIPPETIPS RUNDE 18

Mykje topp mot botten i denne runda og dermed fleire klare favorittar.  Ingen av dei fem på topp skal møtast innbyrdes.

Torsdag 19. september.

Rollon - Stordal
Rollon brukte ein omgang på å gjere seg betre kjend med nye spelarar i forrige runde mot MSIL.  Deretter kjøyrde dei over heimelaget ag vann til slutt 4-2 etter å ha vist storsinn i sluttminuttet ved å la MSIL få ei gratisskoring.  Flott Fair Play!  Vidare skryt dei uhemma av dommaren i referatet sitt på Rollon.info.  Då MÅ det vel vere Alex som skriv desse referata?
Stordal yppa seg lenge mot serieledar Norborg i forrige runde og heldt 2-2 til 5. minutt igjensto. Men som so ofte før sprakk laget på slutten og det enda med 2-4 tap.  No skal laget ut i ein ny topp mot botn kamp og det vil overraske oss stort om ikkje bygutane tek denne.  H.

Emblem - Mauseidvåg og Solevåg
Emblem har ramla litt av etter berre eit poeng på dei to siste kampane.  Både uavgjort heime mot nabo Blindheim og tap borte mot Valder svir vel litt ekstra hos fremmedlegionærane i indre bydel.  Laget skal no møte fire botnlag på rekke og rad og vil heilt sikkert vere med i opprykkskampen til siste slutt.
MSIL prøver og prøver, men får det ikkje heilt til.  Dermed blir det nok eit seneskifte på Sula om kven som er storebror i kommuna til neste sesong.  Klar H.

Skodje - Godøy
Einaste oppgjer i denne runda som ikkje kan kallast topp mot botn, sjølv om Skodje ligg på 6. plass og Godøy på tredje siste.
Skodje har raska saman sine veteranar, som snart nermar seg dei 25, til denne kampen etter diverse utskeielsar med feriering, skranglande kroppsdelar og botsøvelsar grunna uhøvisk framferd.
Godøy har ramla ned på nedrykksplass etter berre å ha sanka eit poeng på dei tre siste.  Vi veit at Godøy er eit innsatslag som ein ikkje skal undervurdere.  Likevel, uten sin sonande strateg S.A.T. Alnes og med Skodje si mobilisering inn mot kampen trur vi på ein ny H.

Norborg - Åram/VanKam
Atter eit oppgjer mellom topp og botn.  Norborg har slite litt mot dei to svakaste laga i divisjonen i dei to siste rundane.  Likevel toppar dei divisjonen no klart med 5 poengs forsprang til Emblem og Valder.
ÅVK held fram sin flotte redningsaksjon, etter eit lite feilskjer mot Hareid i runde 16, og valsa over eit ungt Skodjelag sist.
I utgangspunktet bør dette vere ein klar H, men vi er faktisk litt i tvil og går for ein U og ny spenning i tabelltoppen.

Og so var det desse som må rote med andre kampdager enn torsdag då.  Lokaloppgjer som Blindheim-Valder og Hareid-Ørsta bør spelast på kampdagen for 4. divisjon og ikkje fredag og laurdag.  Basta!

Fredag 20.09.
Blindheim - Valder
Blindheim brukar normalt å ramle av på denne tida av året, men ikkje i år.  Etter braktapet for Norborg i runde 14 er det blitt 7 poeng på dei tre siste rundene mot sterk motstand.  Det må vel vere dei Islandske "ssonane" som har fått ein ny mentalitet inn i laget.
Nyrenoverte Valder er i dytten og berga opprykkshåpet ved å slå Emblem heime med 2-1 sist.  Om ikkje håpet skal dunste vekk igjen må kampar som dette vinnast. Rundas einaste B.

Laurdag 21.09.
Hareid - Ørsta.
Hareid heng fortsatt med i teten etter å ha plukka 10 poeng på dei fire siste rundane, vel og merke  stort sett mot botnlaga i divisjonen.
No skal laget ut i lokaloppgjer mot Ørsta, som vel bør gi litt meir kvalifisert motstand sjølv om det har vore noke opp og mykje ned for laget i haust.
Det brukar nesten alltid å vere jamne og tette oppgjer mellom desse to og vi trur på det same laurdag. U.






3 kommentarer:

  1. Resultat torsdag 19/09:
    Rollon - Stordal 9-3
    Emblem - MSIL 2-0
    Skodje - Godøy 6-1
    Norborg - ÅVK 2-1 (pokker!)

    Tre rette av fire. Bra, men hadde håpa på ein U i Uggedalen for å behalde spenninga i divisjonen.

    SvarSlett
  2. Resultat fredag:
    Blindheim - Valder 3-3
    Dermed er vel Valder hekta av i opprykksstriden.

    SvarSlett
  3. Resultat laurdag:
    Hareid - Ørsta 2-2, som venta.
    Dermed 4 rette av 6. Slett ikkje verst.

    SvarSlett