Sider

BLINDHEIM EIN PLASS NED

Blindheim endar i fjor som nr. 8 på tabellen, berre tre poeng frå nedrykk.  Vi trur faktisk ikkje på framgong i år.

Blindheim satsar fortsatt Islandsk med både trenar og spelarar, men nokon stor suksess er dette ikkje blitt til no.
Blindheim var på veg opp som ein av dei absolutt beste klubbane på rekruttering,  men det ser ut for at dette no har stoppa litt opp, i alle fall på gutesida.  Kan det vere at unggutane opplever at plassen på A-laget er oppteken av islendingar?  Neppe, i fylgje nabo Emblem.

Det ser ikkje ut for at der er dei store endringane i spelarstallen til Blindheim frå i fjor til i år.  Nokre har gått, andre har komt, noko som no er blitt heilt vanleg også i breiddefotballen.
Det store oppgjeret dei siste par sesongane er lokaloppgjera mot Emblem.  I fjor måtte Blindheim innsjå at dei ikkje lenger var storebror i indre bydel, i det Emblem var langt framfor dei på sluttabellen.  Det svir sikkert for tradisjonsrike Blindheim men vi tvilar sterkt på at dei maktar å rette opp styrkeforholdet i år.

Vi tippar dorfor ein 9. plass for Blindheim i 2014.  Plassen kan i verste fall gi nedrykk til 5. divisjon, men då må hele tre Sunnmørslag kome ramlande ned frå 3. divisjon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar