Stranda kom i fjor haust ramlande ned frå 3. divisjon med brask og bram. 21 poeng på 26 kampar var altfor lite til å få vere med i det nasjonale selskap.
Stranda fotball har ikkje det store nedslagsfeltet befolkningsmessig. Der er vel ca. 3500 innvånarar i sjølve Stranda og bygder som Liabygda og Geiranger bidreg vel ikkje so mykje inn mot fotballen på Stranda. Hellesylt har som kjent eige lag i divisjonssystemet, Sunnylven.
Det er derfor rimeleg imponerande det Stranda har prestert på fotballfronten dei siste åra, også på anleggssida. Laget har vel vore stabile på 3. og 4. div. nivå over lang tid.
Rekrutteringa av nye spelarar på Stranda er og god. Lite import og stort sett eigenproduksjon, med inntak av nokre tilflytta utlendingar som ofter skapar fortviling hos speaker på Stranda stadion.
I treningskampane i vinter har Stranda mildt tala svinga frå det bra til det absolutt begredelige. Frå 1-2 tap mot Vika i 1. kvalikrunde for NM, der Stranda spelte jamnt med 3. divisjonalaget Vika gjenom heile kampen, til 0-10 mot vesle Nordborg i treningskamp i påskeveka. Gru og gremmelse! Når tapte Stranda 0-10 i ein fotballkamp sist?
Strandas fotballgeneral Ronny Ødegård har i år trekt seg tilbake til ei meir administrativ rollen i fotballen og klubbens eigne Thomas Roset og Bjarne Johansen har teke over roret som A-lagstrenarar.
Det ser ut for at klubben er inne i ei lite oppbyggingsperiode so vi forventar derfor ikkje alverdens sprell frå Stranda i år.
Vi dømer dei derfor til ein fortjent 7. plass på tabellen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar