Sider

SKODJE KOPIERAR SEG SJØLV

Skodje overraska vel dei fleste fotballekspertane med sin 6.plass på tabellen i fjor.  I år blir det reprise.

Med eit uerfarent og ungt trenarpar klarte Skodje den bragden å hamne midt på tabellen i fjorårssesongen.
I år stiller laget med ny trenar, Magnus Antonsen, eit ungt og lovande trenaremne frå Spjelkavik.
To av fjorårets bautaer er borte frå laget.  Toppskorar Sondre Beite har starta skulegong i fotballens mekka og har meldt overgong til Hødd. 
Ein av trenarane frå fjoråret, og sentral spelar, Eirik Nesset Hjelvik, har reist til trønderhovedstaden for å freiste å bli kjendis i TV2-sporten.  Han har meldt overgong til 4. div. klubben FK Kvik.
Vidare har Skodje avgitt 8 spelarar til i forhold til fjorårets stall.  Nokre har gått i opplag, andre har reist vekk pga. skule eller jobb.

Tradisjonen tru erstattar Skodje desse stort sett med spelarar frå eigne rekker.  To-tre gutespelarar er tekne opp på A-laget og 42 år gamle Sten Robert Tenfjord har gjort comback!  Han trente med old boys i fjor men fann nivået vel høgt og trappar no derfor ned til A-laget.
Utanfrå har Skodje fått byguten og studenten Ronny Pettersen (22) frå osloklubben Bøler.  Han trena ein del saman med laget også i fjor og trivdes so godt i miljøet at han meldte seg inn.

Ellers er årets stall ei fin blanding av rutine og ungt pågangsmot.  Offensivt har vi vel ein av divisjonens mest skarpskodde gjeng.  Den skal vere kjapp og våken den som skal stoppe dei tre musketerane i fremste rekke.

Vi trur som sakt at Skøye overraskar på nytt og tek ein ny 6 plass
Litt kjedelig å hamne midt på tabellen so alternativet for meir spenning vil vel vere enten topp- eller botnstrid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar