Sider

EIRIK N.H. TIL KVIK

Då er det klart at fjorårets spelande trenar for Skodje, Eirik Nesset Hjelvik, komande sesong skal spele fotball for trondheimslaget FK Kvik.

FK Kvik spelar i 4. divisjon avdeling 2 og har ei stolt fotballhistorie.
Kvik er Trondheims eldste fotballklubb, stifta i 1900, og hadde si storheitstid på -50 talet med spel i "Hovedserien", toppdivisjonen i Norge.
Etter 1970 har laget stort sett befunne seg i 3. eller 4. divisjon.

Kvik er ein sentrumsklubb og hovedbana til laget heiter ikkje mindre enn Sparebank 1-banen Rosenborg og i fjor haust kunne klubben åpne sitt nye klubbhus på Øya.
A-laget til Kvik blir trena av ingen ringare enn trenarlegenda Bjørn Hansen.  Hansen er ein nestor innan fotballen og er vel best huska som assistenttrenar i Rosenborg saman med Nils Arne Eggen på -80 og -90 talet.  Son til Bjørn, Geir Hansen, bor i Ålesund og har dei siste åra vore trenar- og spelarutviklar i Sunnmøre Fotballkrets i tillegg til ein del oppgåver som trenar for aldersbestemte landslag.
Det store målet for FK Kvik til komande sesong er opprykk til 3. div. slik at laget kan få møte Orkla som i dag blir trena av Nils Arne Eggen.  Dette laget skal mellom anna møte Brattvåg i årets sesong i 3. div.

Vi ynskjer Eirik lykke til i sin nye klubb og vonar at opphaldet det blir av rimelig kort varigheit!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar