Sider

TIPPETIPS RUNDE 1

Også i år vil "Skodjebloggen" lire av seg nokre meir eller mindre grunngjevne tips før kvar runde.  Her kjem runde 1.

Sidan vi i år, på utallige oppfordringar, vil bli litt meir runde i kantane, kjem grunngjevinga til å bli noko tynnare.  Med untak av kampane der Skodje er involvert.  Vi håpar våre lesarar vil kunne bere over oss med dette.

Torsdag 24. april:

Skodje - Volda
Botn mot topp allereie i 1. kampen.  På dei fleste tabelltipsa vi er komt over blir Skodje dømd til nedrykk (med unntak på vår eigen) mens Volda som regel tronar på toppen av tabellen.
Volda kom ned frå 3. divisjon med lavast mulig margin og har vel neppe svekka spelartroppa i forhold til fjoråret.  Dei høyrer derfor naturlig med blant favorittane i 4. divisjon.
Laget er nett no komne heim frå eit høgdeophald i Tyrkia og det blir meldt om blodverdiar på spelarane opp mot 17,0.  Det er i grenseland til blod-doping men vi håpar og trur at Voldaspelarane vil entre Skodje stadion nokolunde dopfrie.
Skodje på si side har gjort unna sitt høgdeopphald for ein mnd. sidan og effekta tok dei ut på nokre sterke treningskampresultat etter heimkomsten.
Vi trur Skøyegutane overraskar på heimebane og tek ein knusande 3-2 seier over Voldingane.  H.

Emblem - FK Sykkylven
Emblem er klinkande klar favoritt her.  Og kampen endar og slik, med favorittseier.  H.

Godøy - Hareid
Hareid skal på besøk til ei bane dei ikkje likar seg på.  Men reknar med at Godøy no spelar på kunstgras i staden for naturgras, og Hareid kjempar derfor med seg eit poeng.  U.

Langevåg - Valder
To tradisjonsrike lag tørnar saman til dyst.  Valder er tippa i tet, Langevåg i botn.  Og slik blir det.  B.

Stranda - Rollon
Eit nytt oppgjer botn mot topp.  Stranda kom ned frå 3. div. og bygger no opp eit nytt mannskap.  Rollon var i tet i fjor og blir det også i år.  B.

Fredag 25. april:

Blindheim - Ørsta
To lag som har rota seg inn på feil speledag for 4. divisjon, men vi tek dei med likevel.
Vi har tippa Ørsta som topplag i år, og det motsette for Blindheim.  Det står vi ved.  B.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar