Sider

VOLDA BAK ØRSTA!

Volda kom noko overraskande dettande ned frå 3. divisjon i fjor.  27 poeng på 26 kampar vart eit par-tre forlite til ståplass.

Sidan den tid har det vel ikkje skjedd so mange radikale endringar i Voldafotballen.  Nokre studentar har reist, andre har komt til, og slik er vel kvardagen for fotballen i Volda på seniornivå.
Volda har dei siste sesongane vore Sunnmøres nest største klubb, bak Herd, og dei gjer ein flott jobb med rekruttering både på jente- og gutesida.  Men problemet oppstår når desse skal over på seniornivå.

I ei kommune med nær 9000 innbyggarar burde det vere rom for meir enn eit og og to halve seniorlag for menn.  Samanlignar vi med Ørsta, og det brukar Voldingar å gjere, er der færre innbyggarar men har Ørsta 5 1/2 seniorlag menn.
Her har Voldingane ein jobb å gjere, og det blir sikkert spekulert ein del på akkurat dette i voldafotballen.

Eit + for nedrykket til Volda er at dei no igjen har hamna "i den glade situasjon" å vere i same divisjon som Ørsta.
Vi ser at dei fleste tippar Volda som klar favoritt til å vinne 4. divisjon i år, men vi trur dessverre at dei mislukkast i dette av ein spesiell grunn. 
I 1. serierunde, 24. april,  skal dei møte ingen ringare enn dumpekandidat Skøye på Skodje stadion.  Der går dei på eit klinkande klart nederlag med 2-3 og kjem seg sidan ikkje over sjokket og endar dermed bak Ørsta på tabellen, på 4. plass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar