Sider

ØRSTA OPP PÅ 3. PLASS

Ørsta skuffa ein god del i fjorårets sesong med ein 7. plass på tabellen.  Vi trur på klar framgong i år.

Ørsta er ein svært tradisjonsrik klubb på Sunnmøre og har hatt sine både opp- og nedturar fram gjenom tidene. 
Spesielt huskar eg ei sak der Ørsta til si store forskrekking hadde hamna i same divisjon som Lepsøy (trur det var 4. div.). 
På vårparten skulle dei til Lepsøya for å spele seriekamp, eg måtte sjå dette og reiste ut på Skjelten.  Der sto Ørstabussen å venta på ferga og spelarane sto og kika ut på den vesle holmen og lurte på kvar i all verden dei var komne.  Det vart naturligvis og fleipa litt med denne motstandaren.  Vel, på heimturen var det ein nedslått ørstagjeng på ferga, tap for Lepsøy!

Ørsta har og tradisjon for å få fram gode enkeltspelarar inn i mellom men dei siste åra har det vore litt langt mellom desse, i motsetning til nabo Volda som i det siste har fostra to solide toppfotball-spelarar.  Her må Ørstingane legge seg i selen for å igjenopprette balansen.

Rekrutteringa i Ørsta er bra og det ser ut for at klubben tek sikte på å rekruttere til eigen A-stall.  Det set vi pris på.
Ny trenar i inneverande sesong er den rutinerte ringreven Svein Slinning, meir kjent som mr. SIF.  Han har jobba i Ørsta i fleire år og har no konvertert frå sitt kjære SIF til Ørsta.
På spelarfronten registrerer vi at Ørsta har fått tilbake nokre tidligare Ørstingar, mellom anna eit par frå Hødd som ikkje slo heilt til der.

Til Ørsta si store glede er dei no i same divisjon som nabo Volda, og dei ser sikkert fram til årets to naboduellar med stor forventning.  Men det skal spelast 20 kampar inn mellom desse og når det heile er over vil Ørsta trone på plassen framfor nabo Volda, altso ein 3. plass på tabellen til slutt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar