Sider

GODØY VART NEDSABLA

Skodje gjenomførte ei bra generalprøve med seier 5-1 heime mot Godøy i dag, torsdag 10.04.

Lag Skodje:  Are, Sigmund - Eirik F. - Ronny - Marius F.R., Emil - Vegard - Lennart - Alex the Sveed, E. Høivik - Eivind.
Benytta innbyttarar:  Ole - Håkon L. - Marius F. - Sebastian - Sten.

Kampen starta noko famlande frå begge lag si side og den første halvtimen var i periodar direkte tam.  Men Skodje var heile tida det førande laget i banespel.
Det siste kvarteret av 1. omgong kom Skodje sterkt, skrudde opp tempoet på ball og bein nokre hakk, og dermed kom både dei store sjangsane og måla.1-0 kom i det 38. minutt.  Flott bakromspasning frå kaptein Vegard og Eivind skora kontrollert.
5. min etter var det klart for 2-0.  Eivind skyt, keeper gir retur og der er Emil og puttar på.
Andre omgong var knapt i gong før vi fikk kampens høgdepunkt.  Høivik med strøken krysspasning, Eivind på heil volley, og pang i nota.
Etter 60 min. kom Eivind sitt tredje for kvelden.  Flott innlegg av Alex og kontrollert i nota frå Eivind frå 16 meter.
Med 4-0 etter 60 minutt så dette ut for å bli overkjøyring, men so dovna Skodjegutane vekk i ei periode og inviterte Godøy inn i kampen.
4-1 kom i det 70. minutt på ein gedigen forsvarstabbe der Marius F. og Ole må dele litt på skulda.
Like etter fikk Godøy straffe, men keeper Ole redda lett og heldt skotet.
So kom Skodje tilbake i kampen og skapte fleire store sjangsar, mellom anna kombinerte dei to guttesplerane Håkon L. og Sebastian flott.  Sebastian la inn og Håkon L. skaut rett på keeper frå 5 meter.
I siste speleminutt rundar Skodje av kampen med 5-1.  Eivind gjer ei flott igjenvinning ute på sida, legg inn til Eirik Høivik som feiar ballen i nettaket.
Dermed har Skodje gjenomført i alt 10 øvingskampar med 9 seierar og eit tap, målskor 45-18.
Det må ein sei seg absolutt nøgd med sjølv om motstanden i enkelta kampar har vore so som so.
Stødig dommar i kampen var Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg IL.
Vi gler oss til seiestart heime mot Volda om to veker, torsdag 24. april!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar