Sider

VALDER TEK KAKA

På utallige oppfordringar om å avsløre vinnaren av årets 4. divisjon må vi berre røpe at det blir Valder.

Valder hadde ein god sesong i fjor og enda på tredje plass etter ein sterk haustspurt.
Klubben har no fått samla dei fleste av spelarane sine etter at enkelte har teke seg ein bytur for å sjekke graset der.

Trenar i år er klubblegenda Roar Blindheim, og dette, saman med ein sterk spelarstall og godt samhold i gruppa, gjer at laget hamnar heilt i teten i år.
Valder har alltid vore der oppe i Sunnmørsk breiddefotball.  Berre ein liten svipptur nedom 5. div. ved tusenårsskiftet, ellers 4. div. eller høgare.  Laget har og hatt eit par svippar opp til nasjonal serie, uten at det medførte meir enn at kasseraren vart 10 år eldre å løpet av ein sesong og gikk av med brask og bram ved komande årsmøte.

Den vesle holmen uti havet, Valderøya, romar knappe 4000 øybuarar.  Vi er derfor inponert over kva denne klubben får til, både sportslig og ikkje minst på anleggssida.
Rekrutteringa kan i perioder vere so som so, men dei tek vel vare på dei talenta som dukkar opp og sender dei inn i mellom til bya for foredling.

Derfor; Valder blir klubben i årets 4. div. og rykker med brask og bram opp til 3. divisjon, uten at alle i Valdermiljøet er like happy med det.
Vi gratulerer!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar