Sider

ROLLON SLÅTT PÅ MÅLSTREKEN

100 års jubilanten Rollon trur vi vil gjere ein god sesong i år.  I fjoråret var dei med Norborg heilt inn, men tapte på målstreken.  Det same vil skje i år.

Rollon har fått ny trenar for sesongen, den fargerike, og til dels høglydte, Alexander von Løwensprung, har teke over etter Stig Monsen som har leda laget i fleire sesongar.

Rollon er ein sentrumsklubb og er faktisk byens eldste innan fotball.
Klubben er kjent for si flotte tilnærming til tilhøyrigheit og "sjel" og fleire av spelarane held seg til Rollon, i staden for å søke mot grønare gras og høgare mål? rundt i andre byklubbar.
Men ei årlig utveksling av spelarar er der likevel nesten alltid mellom Rollon og SIF, og også i år har ein del spelarar vandra fram og tilbake over Brosundet.
Men dette er ikkje eineståande for Rollon og SIF, dei fleste andre byklubbane har det på same måte, og vi har litt problem med å akseptere at det må vere slik.  Det skapar mest uro og støy, men neppe betre og fleire fotballspelarar og lag.

Det ser ut for at trenar Alex har fått bra sving på sakene og treningskampane lovar til dels bra.  Rollon er eit litt "på og av lag".  Når laget er på, kan dei banke dei aller fleste, også frå divisjonar over seg.  Men når dei er av skjer nokre uforståelige tap inn i mellom.
Vi trur dette blir Rollon si bane også i år. 
Vi dømer dei derfor til ein 2. plass og fortsatt eit lykkelig liv i 4. divisjon.

Då gjenstår berre millionspørsmålet:  Kvenn vinn divisjonen?
Svaret kjem i morgon, for den som har tolmod til å vente.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar