Sider

LANGEVÅG PÅ 10. PLASS

Langevåg tok seg leikande lett tilbake til 4. div. etter å ha gått gjenom 5. divisjon uten tap i fjor.  Resultatet vart 15 seierar, 3 utavgjort og suveren tabelltopp.

Sesongen 2013 må ha vore ei traurig affære for dei fotballinteresserte på ytre Sula.  For første gong var Langevåg i divisjonen under MSIL i seriesystemet, noko som sikkert svei sterkt for den tradisjonsrike klubben.
Men balansen på Sula er no igjenoppretta i det Langevåg rykka opp og MSIL ned til årets sesong.

Langevåg har dei siste åre hatt ei svært god rekruttering, i alle fall på gutesida.  Faktisk blant dei aller beste klubbane på Sunnmøre.  Men i likheit med i FKS ser det ut for å stoppe opp ved overgongen til seniornivå.  Nokre reiser til bynære strøk for å finne grønare gras, men har ein tendens til å stagnere der.  Andre har slitt med å få innpass på eit seniorlag i Langevågen som har inneheldt ein del veteranar.
Vidare har ein del Sulalendingar hatt ein tendens til å reke rundt mellom dei to Sulaklubbane, uten at det ser ut som verken spelarane eller klubbane har hatt noko utbytte av dette.
No ser det ut for at Langevåg satsar på eigne krefter gjenom sine ungdomar.  Det vil nok gi litt trøbbel i starten men vil helt sikkert løne seg over tid om klubben har litt tolmod med disse.

Vi trur ikkje på nokon pangsesong for Langevåg i år, men dei bergar plassen med ein 10. plass, om ikkje meir enn eit Sunnmørslag skulle finne på å rykke ned frå 3. divisjon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar