Sider

GODØY NR. 11

Godøy berga seg frå nedrykk i fjor med ein 9. plass og ein margin på 2 poeng til ÅVK, og vi let oss stadig imponere av dette laget.

Det er i grunnen heilt naturstridig at eit lag frå ein fjellknaus i havgapet med 1120 innvånarar skal klare å halde eit lag i 4. divisjon.
Både reint sportslig og på anleggsfronten er det rett og slett imponerande å sjå kva eit so lite lokalsamfunn kan få til med enkle midlar.
Men dugnadsånd og samhold er ofte undervurdert i vår tid, i det stadig fleir tyr til pengesekken for å oppnå resultat i fotballen.
Eit anna moment vi likar ved laget er at dei stort sett rekrutterer spelarar frå eigne rekker, sjølv om der av og til smett inn ei Gisking gjenom holet under Giskesundet.

Etter det vi kan sjå er der ikkje dei store utskiftingane på Godøy frå i fjor.  Registrerer at enkelte tek seg ein tur til bya for å prøve lykka der, mens andre returnerer frå bya, i det dei har funne ut at lykka i grunnen befinn seg på Godøya.
Resultata til Godøy i treningskampene i vinter har stort sett vore nedslåande.  Men Godøy har alltid denne evna til å mobilisere når det virkelig gjeld, i seriekampane.
Men likevel trur vi det blir ein tung sesong for laget i ein svært so tøff divisjon.

Vi tildeler derfor Godøy ein 11.plass på tabellen og det kan faktisk gi ståplass om ingen Sunnmørslag rotar seg ned frå 3. divisjon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar