Sider

SKODJE MED ÅRSBESTE

Torsdag kveld reiste Skodje til Valdervoll for å møte divisjonskollega Valder i treningskamp.
Det vart årsbeste av Skodje.

Lagoppstilling Skodje:  Ole W. (Are)- Ronny, Eirik F, Marius F, Marius R- Sigmund (Emil), Lennart, Tobias (Eirik Hj.), Alex (Sten)- Eivind, Eirik Hø. (Chris).
Valder er tippa høgt på årets 4. div. tabellen etter at dei har styrka seg med fleire spelarar sidan i fjor.
Skodjegutene gikk imidlertid rett i strupa på favorittane frå Valderøya og 1. omgongen må vere det beste Skodje har prestert hittil i vinter.
1-0 til Skodje kom etter ca. 10 minutt.  Høyvik mottok ballen frå spisskolega Evind Erstad og sette den kontrollert i nota.
5 minutt seinare vart rollene snudd om. Høyvik serverte og Eivind skora sikkert.  Ein pangstart av Skøyebygdarane.
Etter ein halvtimes spel var det klart for 3-0.  Eivind sette eit frispark i stolpen, på returen kom haramværingen Marius Fylling Rogne susande og stupheada ballen i nota.  Hans første mål for Skodje!
Denne omgongen må vere det klart beste Skodje har prestert hittil i vinter og klarar karane å halde seg på dette nivået skal det bli bra med poeng utover i sesongen.
i 2. omgong kom Valder meir med og reduserte til 1-3 når eit kvarter igjensto av kampen.  Men seier til Skodje var aldri trua.
I kampen årsdebuterte den kjende TV2-sport repportaren Eirik Nesset Hjelvik som innbyttar.  Han gjorde seg slett ikkje bort og vart observert med å interjuve dommaren eit par gonger i løpet av sitt innhopp.  Om interjuva kjem på fjernsynet veit vi ikkje sikkert.
Skodje mangla ellers nokre sentrale spelarar også i denne kampen, mellom anna var kaptein Vegard på reise mens toppskorar Håkon Opsal er skada.  Unggutane frå guttelaget er denne veka på skuletur på Island.
No gjenstår det berre ein treningskamp før seriepremiere mot Volda 24. april.  Det blir heimekampen mot divisjonskolega Godøy neste torsdag 10. april.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar