Sider

FOTBALL, SPENNING, LIDENSKAP - OG LITT GALSKAP

Om ikkje nokon brydde seg, ville det ikkje ha vore noko igjen av fotballen. Geir Ringstad er ein av dei som gjer det moro å spele på Skodje stadion. I dette innkastet har vi latt Geir få fritt spelerom. 


(Dette innlegget er eigentleg ein del av eit sesonghefte som i desse dagar kjem i postkassa til innbyggjarane i Skodje kommune. Etter forespurnader frå utflyttarar har vi tenkt å gjere ein del av stoffet tilgjengeleg på nett).

 «Hurra, det er vår og lokalfotballen rullar igjen!

Hermetikkfotballen vi fotballnerdane må ha klart oss med gjennom vinteren stort sett er pakka vekk og vi er klar for fotball «live».  Dei siste par åra har seniorfotballen for menn blomstra ein del til på Skøye, noko som har resultert i 4. divisjon i sesongen 2012.  For eit par-tre år sidan var det stort sett familien Erstad samt underteikna som utgjorde publikumsmassen på tribunen.  Eg brukte å gi beskjed til dommaren at når vi var på plass kunne kampen starte.

No er det blitt ein del fleire på tribunen til å dele gleder og sorger med, med ein viss risiko for at det blir fleire sorger enn gleder no etter opprykket.  Noko anna som tregar meg er at vi i år ikkje får lokaloppgjera mot Ørskog og til dels Stordal.  Desse har alltid vore sesongens høgdepunkt, uansett divisjon. Laga får legge seg i selen og sjå til at dei kjem i same divisjon frå sesongen 2013, enten ved opp- eller nedrykk.

Det viktigaste i lokalfotballen er etter mi meining at ein klarer å skape eit fellesskap innan laget/klubben der alle kan trivast og føle at dei bidreg.  Enten det er på eller utanfor bana.  Dette har Skøye vore flinke til dei siste par-tre åra der spelarane har teke ansvar for å skape eit godt miljø.  Vennecupane i Gomerhuset på vinterstid er eit typisk døme på dette.  Som gamal fotballspelar og trenar veit eg at det ikkje er resultata som sit igjen i minnet når ein kjem opp i pensjonsalderen.  Når eg møter gamle fotballvener er det alltid dei gode historiene vi minnast.  Kva divisjon vi spelte i eller kva resultata vart, er av underordna betydning.  Berre vi slo Ørskog og var framom dei i seriesystemet!

Vil runde av med ei lita sann historie som viser at fotball av og til kan bikke over i grenseland til galskap.   På -70 talet var det tradisjon med ”Ørskogcup” på gamle Iden grusbane.  Denne vart avvikla på vårparten og deltakande lag var alltid Ørskog, Stordal og Skodje.  Det fjerde laget varierte litt mellom Vestnes, Ravn og Norborg.     Skøye hadde dette året slått ut Stordal i innleiande spel på laurdag og skulle møte Ørskog i finalen på søndag.   Stor ståhei og tettpakka med publikum rundt bana.  Eg vart pålagt av min betre halvdel å ha med vår felles son på kamp, han var vel då 4–5 år gamal.  Ved grusbana låg der ein stor sandhaug og han fann seg fort nokre leikekameratar slik at far sjølv fekk konsentrert seg om kampen.  Vi vann 2–1 og etter ein rask dusj gjekk turen heim til Lia.

Glad og fornøgd kom eg inn døra heime og forkynte kjerringa at vi hadde slått Ørskog klart med 2–1.  Javel, sa ho, ikkje interessert i fotball som ho er, og kvar er Vegard?  Oy!  Full fart ut igjen i bilen og inn igjen til Ørskog.  Der sat Vegard i sandhaugen, oppteken med leik, og heilt uvitande om at vi hadde slått Ørskog!
Slik kan fotball engasjere, og til tider utarte til litt galskap.  Lykke til med sesongen, måtte eit av dei beste laga rykkje opp og dei svakaste ned! Mitt største ynskje for 2012 er dessutan ein treningskamp mot Ørskog på ærverdige Skodje Stadion.

Med helsing Fotballnerden Geir R»

1 kommentar:

  1. Skodje mot Ørskog og Ørskog mot Skodje - burde blitt lagt inn som fast kamparrangement, uansett om de ikke spiller i samme divisjon. Foreslår du tar det opp på neste kretsting. Det samme gjelder jo Blindheim-Emblem, Spjelkavik - Herd, MSIL - Langevåg, Rollon - Aksla, Hareid - Hødd osv. Det er jo mulig. Kan jo kalle det for Sunnmørscupen :)

    SvarSlett